Jojakim var konge av Juda og sønn av den gudfryktige kong Josia. Han regjerte i elleve år og gjorde det som var ondt i Herrens øyne. Under hans regjeringstid ble Juda en vasallstat under Babylon, og han er kjent for å ha brent profeten Jeremias bokrull.
34Farao Neko sette Eljakim, son til Josjia, til konge i staden for Josjia, far hans, og endra namnet hans til Jojakim. Joakas tok han med seg, og han kom til Egypt og døydde der.
35Jojakim gav farao sølvet og gullet. Men han måtte leggja skatt på landet for å kunna betala det farao kravde. Han dreiv inn sølv og gull av folket i landet, frå kvar einskild etter taksten hans, for å gje det til farao Neko.
21Kongen sende Jehudi for å henta rullen, og han henta han frå rommet til skrivaren Elisjama. Jehudi las han opp for kongen og alle stormennene som stod omkring kongen.
23Kvar gong Jehudi hadde lese tre eller fire spalter, skar han dei av med skrivarkniven og kasta dei på elden i kolpanna, til heile rullen var oppbrend i elden i kolpanna.
20Det var òg ein annan mann som profeterte i Herrens namn: Uria, son til Sjemaja, frå Kirjat-Jearim. Han profeterte mot denne byen og dette landet med same ord som Jeremia.
21Då kong Jojakim og alle krigarane hans og alle leiarane høyrde orda hans, ville kongen ta livet av han. Men Uria fekk høyra om det og vart redd; han flykta og kom til Egypt.
18Difor seier Herren så om Jojakim, son til Josjia, Juda-kongen: Dei skal ikkje halda dødsklage over han og seia: «Å, bror min! Å, syster mi!» Dei skal ikkje halda dødsklage over han og seia: «Å, herre! Å, hans majestet!»