ÅpenbaringenKapittel 20

Og eg såg ein engel stiga ned frå himmelen. Han hadde nøkkelen til avgrunnen og ei stor lenkje i handa.
Han greip draken – den gamle ormen, som er Djevelen og Satan – og batt han for tusen år.
Han kasta han ned i avgrunnen, stengde att og sette segl over han, så han ikkje lenger skulle føra folka vill, før dei tusen åra var til ende. Etter det skal han sleppast laus ei kort tid.
Og eg såg troner, og dei som sette seg på dei, fekk makt til å døma. Og eg såg sjelene til dei som var blitt halshogde for vitnemålet om Jesus og for Guds ord, og dei som ikkje hadde tilbede dyret eller biletet av det, og ikkje hadde teke merket på panna eller handa si. Dei vart levande att og styrte som kongar saman med Kristus i tusen år.
Dei andre døde vart ikkje levande att før dei tusen åra var til ende. Dette er den første oppstoda.
Sæl og heilag er den som får del i den første oppstoda. Over dei har den andre døden inga makt. Dei skal vera prestar for Gud og Kristus og styra som kongar saman med han i tusen år.
Når dei tusen åra er til ende, skal Satan sleppast ut av fengselet sitt.
Han skal gå ut og føra vill folka i dei fire heimshjørna, Gog og Magog, og samla dei til krig. Talet på dei er som sanden i havet.
Dei drog fram over den vide jorda og omringa leiren til dei heilage og den elska byen. Men eld fall ned frå himmelen og øydela dei.
Og Djevelen, som hadde ført dei vill, vart kasta i sjøen med eld og svovel, der dyret og den falske profeten er. Der skal dei pinast dag og natt i all æve.
Og eg såg ein stor, kvit trone og han som sat på han. Jorda og himmelen flydde bort frå andletet hans, og det fanst ikkje lenger nokon stad for dei.
Og eg såg dei døde, store og små, stå framfor trona. Bøker vart opna, og endå ei bok vart opna, livsens bok. Dei døde vart dømde etter det som stod skrive i bøkene, etter gjerningane sine.
Havet gav frå seg dei døde som var i det, og døden og dødsriket gav frå seg dei døde som var i dei. Og kvar og ein vart dømd etter gjerningane sine.
Døden og dødsriket vart kasta i eldsjøen. Dette er den andre døden, eldsjøen.
Og om nokon ikkje var funnen innskreven i livsens bok, vart han kasta i eldsjøen.