TitusKapittel 3

Minn dei på å underordna seg styresmakter og rådevaldar, å vera lydige og klare til all god gjerning.
Dei skal ikkje tala vondt om nokon, vera fredssæle og milde, og visa all saktmod mot alle menneske.
For ein gong var òg vi uvituge, ulydige og villfarne. Vi var slavar under alle slags lyster og nytingar, og levde i vondskap og misunning. Vi var forhatta og hata kvarandre.
Men då godleiken og menneskekjærleiken åt Gud, vår frelsar, vart openberra,
frelste han oss, ikkje på grunn av rettferdige gjerningar vi hadde gjort, men etter si miskunn, ved badet som gjev atterføding og fornying i Den Heilage Ande.
Denne Anden auste han rikt ut over oss ved Jesus Kristus, vår frelsar,
så vi, rettferdiggjorde ved hans nåde, skulle verta arvingar til evig liv, slik vi vonar.
Dette ordet er truverdig, og eg vil at du skal leggja vekt på dette, så dei som trur på Gud, legg vinn på å gjera gode gjerningar. Dette er godt og nyttig for menneska.
Men hald deg unna tåpelege ordskifte, ættetavler, strid og krangel om lova. For det er unyttig og fåfengt.
Ein som skaper splitting, skal du visa bort etter fyrste og andre åtvaring.
For du veit at ein slik person er komen på avvegar og syndar, og har dømt seg sjølv.
Når eg sender Artemas eller Tykikus til deg, så skund deg å koma til meg i Nikopolis, for eg har avgjort å overvintra der.
Hjelp Zenas, den lovkunnige, og Apollos godt på veg, så dei ikkje manglar noko.
Også våre eigne må læra å gjera gode gjerningar for å hjelpa der det trengst, så dei ikkje er utan frukt.
Alle som er hos meg, helsar deg. Hels dei som elskar oss i trua. Nåden vere med dykk alle.