GalaterneKapittel 4

Det eg meiner er dette: Så lenge arvingen er eit barn, er det ingen skilnad mellom han og ein slave, endå han er herre over alt.
Han står under formyndarar og forvaltarar heilt til den tida faren har fastsett.
Slik var det òg med oss. Då vi var umyndige, var vi slavar under grunnkreftene i verda.
Men då tida var fullkomen, sende Gud Son sin, fødd av ei kvinne, fødd under lova,
for at han skulle kjøpa fri dei som var under lova, så vi kunne få barnekåret.
Og fordi de er born, har Gud sendt Anden åt Son sin inn i hjarto våre, som ropar: «Abba, Far!»
Difor er du ikkje lenger slave, men son. Og er du son, då er du òg arving gjennom Gud.
Den gongen, då de ikkje kjende Gud, var de slavar under det som av naturen ikkje er gudar.
Men no når de har lært Gud å kjenna, eller rettare: no når Gud kjenner dykk, korleis kan de då venda attende til dei veike og fattige grunnkreftene? Vil de på nytt vera slavar under dei?
De held dykk til bestemte dagar og månader og høgtider og år.
Eg er redd at eg kanskje har slite forgjeves med dykk.
Eg bed dykk, sysken: Ver som eg, for eg har vorte som dykk. De har ikkje gjort meg nokon urett.
De veit at det var på grunn av sjukdom i kroppen at eg første gongen forkynte evangeliet for dykk.
Og endå tilstanden min i kroppen var ei prøving for dykk, forakta de meg ikkje og viste meg ikkje frå dykk. Nei, de tok imot meg som ein Guds engel, ja, som Kristus Jesus sjølv.
Kvar er det vorte av gleda dykkar? For eg kan vitna om at de ville ha rive ut augo dykkar og gjeve meg dei, om det hadde vore mogleg.
Har eg no vorte fienden dykkar fordi eg seier dykk sanninga?
Dei er ivrige etter dykk, men ikkje med gode føremål. Dei vil stengja dykk ute, så de skal verta ivrige etter dei.
Det er godt å verta ivra for med gode føremål til alle tider, ikkje berre når eg er hos dykk.
Mine born, som eg på nytt har fødselsrier med til Kristus har fått skapnad i dykk!
Eg skulle ønskja eg kunne vera hos dykk no og tala på ein annan måte, for eg er rådlaus med dykk.
Sei meg, de som vil vera under lova: Høyrer de ikkje kva lova seier?
Det står skrive at Abraham hadde to søner, éin med slavekvinna og éin med den frie kvinna.
Sonen med slavekvinna vart fødd etter kjøtet, men sonen med den frie kvinna vart fødd på grunn av lovnaden.
Dette har ei djupare meining: Dei to kvinnene står for to pakter. Den eine er frå Sinai-fjellet og føder born til slaveri; det er Hagar.
For Hagar er eit namn for Sinai-fjellet i Arabia, og det svarar til det noverande Jerusalem, for det lever i slaveri saman med borna sine.
Men det Jerusalem som er der oppe, er fritt, og det er mor vår.
For det står skrive: Gled deg, du barnlause som ikkje føder! Bryt ut i jubelrop, du som ikkje har fødselsrier! For ho som var forlaten, har fleire born enn ho som har mannen.
Og de, sysken, er born av lovnaden, liksom Isak.
Men liksom den gongen han som var fødd etter kjøtet, forfølgde han som var fødd etter Anden, slik er det òg no.
Men kva seier Skrifta? «Driv ut slavekvinna og sonen hennar! For sonen til slavekvinna skal ikkje arva saman med sonen til den frie kvinna.»
Difor, sysken, er vi ikkje born av slavekvinna, men av den frie kvinna.