1. KorinterneKapittel 13

Vis kjærlighetens veiHva kjærlighet er og ikke er

Paulus beskriver den sanne kjærlighetens natur - den høyeste av alle dyder som vil bestå når alt annet opphører.

Kjærligheten er IKKE

v.4-5-6
  • Misunnelig
  • Skrytende
  • Hovmodig
  • Usømmelig
  • Selvisk
  • Oppfarende
  • Nærtagende
  • Glad over urett

Kjærligheten ER

v.4-6-7-8
  • Tålmodig
  • Velvillig
  • Glad i sannheten
  • Utholdende
  • Tillitsfull
  • Håpefull
  • Tåler alt
  • Tar aldri slutt
Om eg talar med mennesketunger og engletunger, men ikkje har kjærleik, då er eg berre ljomande malm eller ei klingande bjølle.
Og om eg har profetisk gåve og kjenner alle løyndomar og har all kunnskap, og om eg har all tru så eg kan flytta fjell, men ikkje har kjærleik, då er eg ingenting.
Og om eg gjev bort alt eg eig, og om eg gjev kroppen min til å brennast, men ikkje har kjærleik, då gagnar det meg ingenting.
Kjærleiken er tolmodig, kjærleiken er velvillig. Han misunner ikkje, skryter ikkje, er ikkje hovmodig.
Han gjer ikkje noko usømeleg, søkjer ikkje sitt eige, blir ikkje oppøst, gøymer ikkje på det vonde.
Han gleder seg ikkje over urett, men gleder seg med sanninga.
Han dekkjer over alt, trur alt, vonar alt, toler alt.
Kjærleiken fell aldri bort. Profetiane skal ta slutt, tungene skal teia, og kunnskapen skal forgå.
For vi kjenner stykkevis og profeterer stykkevis.
Men når det fullkomne kjem, skal det som er stykkevis, ta slutt.
Då eg var barn, tala eg som eit barn, tenkte som eit barn, vurderte som eit barn. Men då eg vart vaksen, la eg av det barnslege.
For no ser vi gjennom ein spegel, i gåtefulle bilete, men då skal vi sjå andlet til andlet. No kjenner eg stykkevis, men då skal eg kjenna fullt ut, slik eg sjølv er fullt ut kjend.
No blir dei verande desse tre: tru, von og kjærleik. Men størst av dei er kjærleiken.