1. KorinterneKapittel 14

Jag etter kjærleiken, og søk ivrig etter dei åndelege gåvene, men mest etter å tala profetisk.
For den som talar i tunger, talar ikkje til menneske, men til Gud. Ingen forstår han, for i Anden talar han løyndommar.
Men den som talar profetisk, talar til menneske til oppbygging, formaning og trøyst.
Den som talar i tunger, byggjer opp seg sjølv. Men den som talar profetisk, byggjer opp forsamlinga.
Eg ville gjerne at de alle tala i tunger, men heller at de tala profetisk. Den som talar profetisk, er større enn den som talar i tunger – om han ikkje òg tyder det, så forsamlinga kan bli oppbygd.
Søsken, om eg no kjem til dykk og talar i tunger, kva gagn gjer det dykk om eg ikkje talar til dykk med openberring, kunnskap, profeti eller lære?
Sjølv livlause instrument som gjev lyd, anten det er fløyte eller harpe – om dei ikkje gjev tydelege tonar, korleis kan ein då kjenna att det som blir spela?
Og om ein trompet gjev ein utydleg lyd, kven vil då gjera seg klar til strid?
Slik er det òg med dykk: Om de ikkje brukar tunga til å tala tydelege ord, korleis skal nokon då forstå det som blir sagt? De talar berre ut i lufta.
Det finst så mange slags språk i verda, og ingen av dei er utan meining.
Men om eg ikkje forstår meininga med språket, blir eg ein framand for den som talar, og den som talar, blir ein framand for meg.
Slik er det òg med dykk: Sidan de ivrar etter åndelege gåver, så søk å bli rike på det som byggjer opp forsamlinga.
Difor skal den som talar i tunger, be om å kunna tyda det.
For når eg bed i tunger, bed ånda mi, men forstanden min ber inga frukt.
Kva då? Eg vil be med ånda, men eg vil òg be med forstanden. Eg vil syngja med ånda, men eg vil òg syngja med forstanden.
For om du lovprisar med ånda, korleis kan den som sit der som ukunnig, seia «Amen» til takkseiinga di? Han veit jo ikkje kva du seier.
Du takkar nok Gud på ein god måte, men den andre blir ikkje oppbygd.
Eg takkar Gud for at eg talar meir i tunger enn alle dykk.
Men i forsamlinga vil eg heller tala fem ord med forstanden min, så eg kan læra andre, enn ti tusen ord i tunger.
Søsken, ver ikkje born i tankegangen. Ver born når det gjeld vondskap, men ver vaksne i tankegangen.
I lova står det skrive: «Med framande tungemål og med framande lepper vil eg tala til dette folket, men ikkje eingong då vil dei høyra på meg, seier Herren.»
Såleis er tungene eit teikn, ikkje for dei truande, men for dei vantruande. Men profetien er ikkje for dei vantruande, men for dei truande.
Om då heile forsamlinga kjem saman og alle talar i tunger, og det kjem inn ukunnige eller vantruande, vil dei ikkje seia at de er galne?
Men om alle talar profetisk og det kjem inn ein vantruande eller ukunnig, då blir han avslørt av alle og dømd av alle.
Det løynde i hjartet hans blir openbert, og han vil falla på ansiktet og tilbe Gud og forkynna: «Gud er verkeleg mellom dykk!»
Kva då, søsken? Når de kjem saman, har kvar og ein ein salme, ei lære, ei openberring, ei tungetale, ei tyding. Lat alt skje til oppbygging.
Om nokon talar i tunger, lat det vera to eller høgst tre, og ein om gongen, og éin må tyda.
Men om det ikkje er nokon som kan tyda, skal han teia i forsamlinga og tala til seg sjølv og til Gud.
Lat to eller tre profetar tala, og lat dei andre prøva det som blir sagt.
Men om ein annan som sit der, får ei openberring, skal den første teia.
For de kan alle tala profetisk, ein om gongen, så alle kan læra og alle kan bli oppmuntra.
Og profetåndene underordnar seg profetane.
For Gud er ikkje uordens Gud, men fredens Gud – slik det er i alle forsamlingane til dei heilage.
Kvinnene skal teia i forsamlingane. Det er ikkje tillate for dei å tala, men dei skal underordna seg, slik lova òg seier.
Om dei vil læra noko, skal dei spørja sine eigne menn heime. For det er skammeleg for ei kvinne å tala i forsamlinga.
Var det frå dykk Guds ord gjekk ut? Eller var det berre til dykk det kom?
Om nokon meiner at han er ein profet eller åndeleg, skal han erkjenna at det eg skriv til dykk, er Herrens bod.
Men den som ikkje erkjenner dette, blir sjølv ikkje erkjend.
Difor, søsken, søk ivrig å tala profetisk, og hindra ikkje nokon i å tala i tunger.
Men lat alt gå sømeleg og ordentleg føre seg.