1. KorinterneKapittel 16

Når det gjeld innsamlinga til dei heilage, skal de gjera det same som eg har fastsett for forsamlingane i Galatia.
Kvar fyrste dag i veka skal kvar og ein av dykk leggja til sides heime det han har råd til, så det ikkje skal haldast innsamlingar når eg kjem.
Og når eg kjem, skal eg senda dei de godkjenner, med brev, for å føra gåva dykkar til Jerusalem.
Om det er verdt at eg òg reiser, skal dei fara saman med meg.
Eg kjem til dykk når eg har fare gjennom Makedonia, for eg skal fara gjennom Makedonia.
Hjå dykk blir eg kanskje ei tid, eller eg overvintrar der, så de kan hjelpa meg vidare dit eg skal fara.
For eg vil ikkje sjå dykk berre på gjennomreise no. Eg vonar å bli verande ei tid hjå dykk, om Herren tillet det.
Men eg blir i Efesos til pinse.
For ei stor og verksam dør har opna seg for meg, og motstandarane er mange.
Om Timoteus kjem, så sjå til at han kan vera hjå dykk utan frykt, for han gjer Herrens verk, det same som eg.
Lat difor ingen sjå ned på han. Hjelp han vidare i fred, så han kan koma til meg, for eg ventar på han saman med brørne.
Når det gjeld bror Apollos, har eg mange gonger oppmoda han til å koma til dykk saman med brørne. Men det var slett ikkje viljen at han skulle koma no. Han kjem når han får høve til det.
Vak, stå faste i trua, ver modige, ver sterke!
Lat alt de gjer, skje i kjærleik.
Eg legg dykk på hjartet, sysken: De kjenner huslyden til Stefanas, at dei er fyrstegrøda i Akaia, og at dei har vigsla seg til å tena dei heilage.
Underordna dykk slike folk og alle som arbeider og strevar saman med dei.
Eg gleder meg over at Stefanas, Fortunatus og Akaikos er her, for dei har bøtt på saknet av dykk.
Dei har gjeve kvile til mi ånd og til dykkar. Vis difor slike folk vyrdnad.
Forsamlingane i Asia helsar dykk. Akvilas og Priska helsar dykk hjarteleg i Herren, saman med forsamlinga som møtest i heimen deira.
Alle syskena helsar dykk. Helsa kvarandre med eit heilagt kyss.
Her er helsinga med mi eiga hand – Paulus.
Om nokon ikkje elskar Herren, lat han vera forbanna. Marana ta – Kom, vår Herre!
Herren Jesu nåde vere med dykk.
Min kjærleik er med dykk alle i Kristus Jesus.