2. KorinterneKapittel 3

Byrjar vi på nytt å anbefala oss sjølve? Eller treng vi, slik som somme, anbefalingsbrev til dykk eller frå dykk?
De er vårt brev, innskrivne i hjarta våre, kjende og lesne av alle menneske.
Det er openbert at de er eit Kristus-brev, gjort i stand ved vår teneste, ikkje skrive med blekk, men med den levande Guds Ande, ikkje på steintavler, men på hjartans kjøttavler.
Ein slik tillit har vi til Gud gjennom Kristus.
Ikkje at vi av oss sjølve er dugelege til å tenkja ut noko, som om det kom frå oss sjølve, men dugleiken vår er frå Gud.
Han har òg gjort oss dugelege til å vera tenarar for ei ny pakt, ikkje bokstavens, men Andens. For bokstaven drep, men Anden gjer levande.
Men om dødens teneste, inngraven med bokstavar på steinar, kom med herlegdom, så Israels born ikkje kunne sjå Moses beint i andletet på grunn av glansen på andletet hans, ein glans som skulle bli borte,
kor mykje meir skal ikkje då Andens teneste vera i herlegdom?
For når fordømingstenesta hadde herlegdom, kor mykje meir rikt har ikkje rettferdstenesta herlegdom!
For det som var herleggjort, har i dette høvet mista herlegdomen sin på grunn av den overstrålande herlegdomen.
For om det som blir borte, kom med herlegdom, kor mykje meir skal ikkje det som blir verande, vera i herlegdom!
Sidan vi då har eit slikt håp, talar vi med stort frimod.
Vi gjer ikkje som Moses, som la eit slør over andletet sitt, så Israels born ikkje skulle sjå enden på det som skulle bli borte.
Men sinna deira vart forherde. For heilt til denne dag ligg det same sløret over lesinga av den gamle pakta utan å bli avdekt, for det er i Kristus det blir teke bort.
Ja, heilt til i dag ligg eit slør over hjarta deira når Moses blir lesen.
Men når nokon vender om til Herren, blir sløret teke bort.
Herren er Anden, og der Herrens Ande er, der er fridom.
Men vi alle, som med avdekt andlet ser Herrens herlegdom som i ein spegel, blir omdanna til det same biletet, frå herlegdom til herlegdom, som av Herren, som er Anden.