2. KorinterneKapittel 6

Som medarbeidarar formaner vi dykk òg om ikkje å ta imot Guds nåde til inga nytte.
For han seier: «I den rette tida bønhøyrde eg deg, og på frelsesdagen hjelpte eg deg.» Sjå, no er den rette tida! Sjå, no er frelsesdagen!
Vi gjev ikkje nokon grunn til støyt i noko, så ikkje tenesta vår skal bli vanæra.
Nei, i alt viser vi oss som Guds tenarar: med stort tolmod, i trengsler, i naud, i vanskelege tider,
under slag, i fengsel, i uro, i hardt arbeid, i nattevaking, i faste,
i reinleik, i kunnskap, i langmod, i godleik, i Den Heilage Ande, i ekte kjærleik,
i sanningsord, i Guds kraft, med rettferds våpen i høgre og venstre hand,
gjennom ære og vanære, gjennom vondord og godord – som forførarar, men sannferdige,
som ukjende, men likevel velkjende, som døyande – og sjå, vi lever! – som tukta, men ikkje drepne,
som sorgfulle, men alltid glade, som fattige, men vi gjer mange rike, som dei som ingenting har, men likevel eig alt.
Korintarar, munnen vår har opna seg for dykk, hjartet vårt er vidopent.
Det er ikkje trongt hos oss for dykk, men det er trongt i dykkar eige indre.
Gjev oss det same att – eg talar som til born – opna de òg hjarto dykkar vidt!
Gå ikkje under same åk som dei vantruande! For kva fellesskap har rettferd med lovløyse, eller kva samband har lyset med mørkret?
Kva samklang er det mellom Kristus og Beliar, eller kva har ein truande sams med ein vantruande?
Kva har Guds tempel sams med avgudane? For vi er den levande Guds tempel. Som Gud har sagt: «Eg vil bu hos dei og ferdast mellom dei. Eg skal vera deira Gud, og dei skal vera mitt folk.»
Difor: «Gå ut frå dei og skil dykk frå dei, seier Herren, og rør ikkje noko ureint! Så vil eg ta imot dykk.»
«og eg skal vera ein far for dykk, og de skal vera mine søner og døtrer, seier Herren, Den allmektige.»