2. KorinterneKapittel 9

Når det gjeld hjelpa til dei heilage, treng eg eigentleg ikkje skriva til dykk om det.
For eg kjenner velviljen dykkar, den eg rosar dykk for overfor makedonarane – at Akaia har vore klar alt sidan i fjor – og iveren dykkar har eggja dei fleste.
Men eg sender brørne, så ikkje det vi har rosa dykk for, skal visa seg å vera tomt snakk i dette høvet, men at de må vera førebudde, slik eg har sagt.
For om det kjem makedonarar med meg og finn dykk uførebudde, då vil vi – for ikkje å snakka om dykk – bli til skamme med denne tilliten vår.
Difor fann eg det naudsynt å be brørne om å reisa til dykk på førehand og få i stand den gåva de har lova. Då er ho klar som ei velsigning og ikkje som noko framtvunge av griskheit.
Men dette: Den som sår sparsomt, skal òg hausta sparsomt, og den som sår rikeleg, skal òg hausta rikeleg.
Kvar og ein skal gje det han har bestemt seg for i hjartet sitt, ikkje med ulyst eller av tvang. For Gud elskar ein glad gjevar.
Og Gud har makt til å gje dykk all nåde i overflod, så de alltid og i alt har nok av alt og kan gje rikeleg til all god gjerning.
Som det står skrive: «Han strødde ut, han gav til dei fattige, rettferda hans varer til evig tid.»
Han som gjev såkorn til den som sår og brød til føde, han skal syta for og mangfalda såkornet dykkar og la rettferdsfrukta dykkar veksa.
De blir rike på alle måtar, så de kan vera gavmilde i alt, og det verkar takksemd til Gud gjennom oss.
For denne tenesta de gjer, hjelper ikkje berre dei heilage med det dei manglar, men får òg mange til å takka Gud.
Gjennom den prøvde tenesta dykkar prisar dei Gud for at vedkjenninga dykkar til Kristi evangelium viser seg i lydnad, og for gavmilda dykkar i å dela med dei og med alle.
Og dei lengtar etter dykk og bed for dykk på grunn av den overstrøymande nåden Gud har gjeve dykk.
Gud vere takk for den useielege gåva si!