2. KorinterneKapittel 4

Difor, sidan vi har denne tenesta fordi vi fekk miskunn, mistar vi ikkje motet.
Vi har sagt frå oss alt som er løynt og skammeleg. Vi fer ikkje med svik og forfalskar ikkje Guds ord, men ved å openberra sanninga anbefaler vi oss for kvart menneske sitt samvit framfor Gud.
Er evangeliet vårt tildekt, så er det tildekt for dei som går fortapt.
For denne verda sin gud har blinda sinna til dei vantruande, så dei ikkje ser lyset frå evangeliet om Kristi herlegdom, han som er Guds bilete.
For vi forkynner ikkje oss sjølve, men Kristus Jesus som Herre, og oss sjølve som tenarane dykkar for Jesu skuld.
For Gud, som sa: «Lys skal stråla fram or mørkret,» han har late lyset stråla i hjarto våre, så vi kan sjå lyset frå kunnskapen om Guds herlegdom i Kristi andlet.
Men vi har denne skatten i leirkar, så den overstrøymande krafta skal vera frå Gud og ikkje frå oss.
Vi blir trengde på alle kantar, men ikkje knuste. Vi er rådville, men ikkje rådlause.
Vi blir forfølgde, men ikkje forlatne. Vi blir slengde ned, men går ikkje til grunne.
Alltid ber vi Jesu daude med oss i kroppen, så òg Jesu liv skal openberrast i kroppen vår.
For vi som lever, blir stadig overgjevne til døden for Jesu skuld, så òg Jesu liv skal openberrast i vår dødelege kropp.
Slik verkar døden i oss, men livet i dykk.
Men fordi vi har den same ånda av tru, slik det står skrive: «Eg trudde, difor tala eg,» så trur vi òg, og difor talar vi.
For vi veit at han som reiste opp Jesus, skal reisa oss òg opp saman med Jesus og føra oss fram saman med dykk.
For alt skjer for dykkar skuld, så nåden kan nå stadig fleire og få takkseiinga til å strøyma over til Guds ære.
Difor mistar vi ikkje motet. Sjølv om vårt ytre menneske går til grunne, blir vårt indre menneske fornya dag for dag.
For den lette trengsla vår, som varer berre ei kort stund, verkar for oss ei evig vekt av herlegdom som langt overstig alt.
For vi har ikkje blikket fest på det synlege, men på det usynlege. Det synlege varer berre ei tid, men det usynlege varer evig.