JobKapittel 29

Og Job heldt fram med si likning og sa:
Å, om eg kunne vera som i månadene som var, som i dei dagane då Gud verna meg!
Då lyste lampa hans over hovudet mitt, og i lyset hans gjekk eg gjennom mørkret.
Slik var det i mine modne dagar, då Guds fortrulege vennskap var over teltet mitt.
Då var Den allmektige enno med meg, og borna mine var rundt omkring meg.
Då vaska eg stegane mine i smør, og berget aust ut oljestraumar for meg.
Når eg gjekk ut til porten ved byen og tok sete på torget,
då trekte dei unge seg unna når dei såg meg, og dei gamle reiste seg og vart ståande.
Fyrstane heldt att med ord og la handa over munnen sin.
Dei fremste vart stille, og tunga deira hang fast ved ganen.
For øyret som høyrde, prisa meg lukkeleg, og auget som såg, vitna godt om meg.
For eg berga den fattige som ropa om hjelp, og den farlause som ikkje hadde nokon hjelpar.
Velsigninga frå den som heldt på å gå under, kom over meg, og eg fekk enkja sitt hjarte til å jubla.
Eg kledde meg i rettferd, og ho kledde meg; retten min var som ei kappe og ein turban.
Eg var auge for den blinde og føter for den halte.
Eg var ein far for dei fattige, og saka til den eg ikkje kjende, granska eg.
Eg knuste kjakebeina på den urettferdige og reiv byttet ut av tennene hans.
Eg tenkte: I mitt eige reir skal eg døy, og dagane mine skal verta tallause som sandkorn.
Rota mi står open mot vatnet, og doggen ligg natta over på greinene mine.
Æra mi er alltid ny hos meg, og bogen min fornyar si kraft i handa mi.
Dei lytta til meg og venta, dei var stille for å høyra rådet mitt.
Etter at eg hadde tala, sa dei ikkje meir, og orda mine draup ned over dei.
Dei venta på meg som på regn, og dei opna munnen som etter vårregnet.
Når eg smilte til dei, kunne dei knapt tru det, og lyset frå andletet mitt lét dei ikkje falla.
Eg valde vegen for dei og sat som hovding; eg budde som ein konge mellom krigarane sine, som ein som trøystar dei som sørgjer.