Det sameinte kongeriketKongeKrigerca. 1080-1010 f.Kr.
Saul var Israels første konge, salvet av profeten Samuel. Han begynte ydmykt og vant seire over filisterne, men ulydighet og sjalusi førte til hans fall. Hans forfølgelse av David og konsultasjon med en spåkvinne viste hvor langt han hadde fjernet seg fra Gud.
21Han lét Benjamin-stammen koma fram etter ættene sine, og Matri-ætta vart utvald. Så vart Saul, son til Kisj, utvald. Men då dei leita etter han, fann dei han ikkje.
7Han tok eit par oksar, hogg dei i stykke og sende dei med bodberarane ut over heile Israel med denne bodskapen: «Den som ikkje dreg ut etter Saul og Samuel, slik skal det gjerast med oksane hans!» Då fall frykt for Herren over folket, og dei drog ut som éin mann.
11Dagen etter delte Saul folket i tre avdelingar. I morgonvakta gjekk dei inn i leiren og slo ammonittane til det vart heitt på dagen. Dei som overlevde, vart spreidde, så det ikkje var att to saman.
15Så gjekk heile folket til Gilgal, og der gjorde dei Saul til konge for Herrens åsyn. Der ofra dei fredsoffer for Herrens åsyn, og Saul og alle israelittane hadde ei stor glede.
11Samuel sa: «Kva har du gjort?» Saul svara: «Eg såg at folket spreidde seg frå meg, og du kom ikkje til fastsett tid, og filistarane samla seg i Mikmas.
13Samuel sa til Saul: «Du har handla uklokt! Du har ikkje halde bodet som Herren din Gud gav deg. Elles ville Herren no ha grunnfesta kongeriket ditt over Israel for alltid.
14Men no skal ikkje kongeriket ditt vare ved. Herren har søkt seg ein mann etter sitt eige hjarte, og Herren har sett han til fyrste over folket sitt, fordi du ikkje heldt det Herren baud deg.»
9Men Saul og folket sparte Agag og det beste av sauene og storfeet, dei næstbeste dyra og lamma, og alt som var verdfullt. Dei ville ikkje vigsla det til undergang. Men alt som var verdlaust og ringt, det vigde dei til undergang.
22Då sa Samuel: «Har Herren like stor glede av brennoffer og slaktoffer som av lydnad mot Herrens røyst? Nei, lydnad er betre enn offer, å høyra etter er betre enn feitt av vêrar.
8Saul vart brennande harm, og dette ordet mishaga han. Han sa: «Dei har gjeve David titusen, men meg har dei berre gjeve tusen. No manglar han berre kongeriket!»
10Dagen etter kom ei vond ånd frå Gud over Saul, og han oppførte seg som ein profet inne i huset. David spela på strengeinstrumentet sitt som han brukte å gjera, og Saul hadde eit spyd i handa.