3. MosebokKapittel 9

«Ta deg ein kalv til syndoffer og ein vêr til brennoffer, utan lyte, og ber dei fram for Herren.»
Og til Israels born skal du seia: «Ta ein geitebukk til syndoffer, og ein kalv og eit lam, årsgamle og utan lyte, til brennoffer.»
Ta òg ein okse og ein vêr til fredsoffer, til å ofra for Herrens åsyn, og eit grønoffer blanda med olje. For i dag vil Herren syna seg for dykk.»
Dei tok det Moses hadde bode, og førte det fram til møteteltet. Heile forsamlinga kom fram og stod for Herrens åsyn.
Då sa Moses: «Dette er det Herren har bode dykk å gjera, så skal Herrens herlegdom syna seg for dykk.»
Moses sa til Aron: «Gå fram til altaret og ber fram syndofferet ditt og brennofferet ditt, og gjer soning for deg sjølv og for folket. Ber så fram offeret for folket og gjer soning for dei, slik Herren har bode.»
Sønene til Aron bar blodet fram til han. Han duppa fingeren i blodet og strauk det på horna på altaret, og resten av blodet auste han ut ved foten av altaret.
Feittet, nyrene og leverlappen frå syndofferet brende han på altaret, slik Herren hadde bode Moses.
Så slakta han brennofferet. Sønene til Aron rekte han blodet, og han skvette det rundt omkring på altaret.
Dei rekte han brennofferet, stykke for stykke, og hovudet, og han brende det på altaret.
Så bar han fram offeret for folket. Han tok geitebukken som var syndoffer for folket, slakta han og ofra han som syndoffer, på same vis som det første.
Han bar fram grønofferet, tok ei handfull av det og brende det på altaret, i tillegg til morgonbrennofferet.
Så slakta han oksen og vêren som fredsoffer for folket. Sønene til Aron rekte han blodet, og han skvette det rundt omkring på altaret.
Feittstykkja av oksen og vêren – feitthalen, feittet som dekte innvolane, nyrene og den store leverlappen –
Bryststykkja og høgre låret svinga Aron som svingeoffer for Herrens åsyn, slik Moses hadde bode.
Moses og Aron gjekk inn i møteteltet, og då dei kom ut att, velsigna dei folket. Då synte Herrens herlegdom seg for heile folket.
Eld gjekk ut frå Herren og fortærte brennofferet og feittstykkja på altaret. Då heile folket såg det, ropa dei av glede og kasta seg ned med andletet mot jorda.