2. MosebokKapittel 1

Til saman var det sytti menneske som hadde kome frå Jakobs lend. Josef var allereie i Egypt.
Men Israels born var fruktbare og vrimla, dei auka og vart overlag mektige, og landet vart fullt av dei.
Kom, lat oss gå klokt fram mot dei, så dei ikkje blir endå fleire. For om det kjem krig, kan dei slå seg saman med fiendane våre, kjempa mot oss og forlata landet.»
Så sette dei oppsynsmenn over dei for å plaga dei med tvangsarbeid. Dei bygde forrådsbyane Pitom og Ramses for farao.
Men di meir dei vart plaga, di fleire vart dei, og di meir spreidde dei seg. Egyptarane vart fulle av otte for Israels born.
Egyptarane tvinga Israels born til knusande hardt arbeid.
Dei gjorde livet bittert for dei med tungt arbeid med leire og murstein og med alt slags arbeid på markene – alt arbeidet dei tvinga dei til, var brutalt.
Kongen av Egypt sa til dei hebraiske jordmødrene – den eine heitte Sjifra og den andre Pua –
«Når de hjelper dei hebraiske kvinnene med å føda, sjå på fødselsstolen: Er det ein gut, skal de drepa han, men er det ei jente, kan ho leva.»
Men jordmødrene frykta Gud og gjorde ikkje som kongen av Egypt hadde sagt til dei. Dei lét gutane leva.
Då kalla kongen av Egypt jordmødrene til seg og sa: «Kvifor har de gjort dette og late gutane leva?»
Jordmødrene svara farao: «Dei hebraiske kvinnene er ikkje som dei egyptiske, dei er så livskraftige at dei føder før jordmora kjem til dei.»
Gud gjorde vel mot jordmødrene, og folket auka og vart svært talrike.
Og fordi jordmødrene frykta Gud, bygde han hus for dei.
Då gav farao heile folket sitt denne ordren: «Kvar son som blir fødd, skal de kasta i Nilen, men kvar dotter skal de la leva.»