3. MosebokKapittel 24

Gjev israelittane påbod om at dei skal bera fram til deg rein, pressa olivenolje til lysestaken, så lampa alltid kan brenna.
Utanfor forhenget framfor vitnemålet i møteteltet skal Aron stella lampa frå kveld til morgon for Herrens andlet. Det skal vera ei evig ordning gjennom alle ætter.
På den reine lysestaken skal han alltid stella lampene for Herrens andlet.
Du skal ta fint mjøl og baka tolv kaker. Kvar kake skal vera på to tiandedelar efa.
På kvar rad skal du leggja rein virak. Det skal vera eit minneoffer for brødet, eit eldoffer for Herren.
Kvar sabbatsdag skal han leggja det fram for Herrens andlet. Det skal vera ei evig pakt frå israelittane si side.
Det skal høyra til Aron og sønene hans, og dei skal eta det på ein heilag stad. For det er høgheilagt for han, frå Herrens eldoffer. Det er ei evig ordning.
Det var ein son av ei israelittisk kvinne og ein egyptisk mann som gjekk ut mellom israelittane. I leiren kom det til strid mellom denne sonen av den israelittiske kvinna og ein israelittisk mann.
Sonen til den israelittiske kvinna spotta Namnet og banna. Dei førte han til Moses. Mora hans heitte Sjelomit, dotter til Dibri, av Dan-stammen.
Dei sette han i varetekt så det kunne gjerast klart for dei kva Herren ville.
Før den som banna, ut av leiren. Alle som høyrde det, skal leggja hendene på hovudet hans, og heile forsamlinga skal steina han.
Til israelittane skal du seia: Kvar den som bannar Gud, skal bera si synd.
Den som spottar Herrens namn, skal døy. Heile forsamlinga skal steina han. Anten han er framand eller innfødd, skal han døy når han spottar Namnet.
Den som slår i hel eit dyr, skal gjera det godt att, liv for liv.
Brot for brot, auga for auga, tann for tann. Den skaden han har påført ein annan, skal påførast han sjølv.
Den som slår i hel eit dyr, skal gjera det godt att. Men den som slår i hel eit menneske, skal døy.
Det skal gjelda same rett for dykk alle, for den framande som for den innfødde. For eg er Herren dykkar Gud.
Moses sa dette til israelittane. Då førte dei den som hadde banna, ut av leiren og steina han med stein. Israelittane gjorde som Herren hadde bode Moses.