Marker 2. Korintarane 9 som lesen? Ja Lukk
Marker utval som lese 1 Når det gjeld hjelpa til dei heilage, treng eg eigentleg ikkje skriva til dykk om det. Grunntekst Referansar Emne Notat Manuskript
Περὶ μὲν γὰρ τῆς διακονίας τῆς εἰς τοὺς ἁγίους περισσόν μοί ἐστιν τὸ γράφειν ὑμῖν,
Ingen orddata tilgjengelege
Legg til notat
Notat krev JavaScript.
2 For eg kjenner velviljen dykkar, den eg rosar dykk for overfor makedonarane – at Akaia har vore klar alt sidan i fjor – og iveren dykkar har eggja dei fleste. Grunntekst Referansar Emne Notat Manuskript Versjonar
οἶδα γὰρ τὴν προθυμίαν ὑμῶν ἣν ὑπὲρ ὑμῶν καυχῶμαι Μακεδόσιν ὅτι Ἀχαΐα παρεσκεύασται ἀπὸ πέρυσι, καὶ ⸀τὸ ὑμῶν ζῆλος ἠρέθισε τοὺς πλείονας.
Ingen orddata tilgjengelege
Legg til notat
Notat krev JavaScript.
3 Men eg sender brørne, så ikkje det vi har rosa dykk for, skal visa seg å vera tomt snakk i dette høvet, men at de må vera førebudde, slik eg har sagt. Grunntekst Referansar Emne Notat Manuskript Versjonar
ἔπεμψα δὲ τοὺς ἀδελφούς, ἵνα μὴ τὸ καύχημα ἡμῶν τὸ ὑπὲρ ὑμῶν κενωθῇ ἐν τῷ μέρει τούτῳ, ἵνα καθὼς ἔλεγον παρεσκευασμένοι ἦτε,
Ingen orddata tilgjengelege
Legg til notat
Notat krev JavaScript.
4 For om det kjem makedonarar med meg og finn dykk uførebudde, då vil vi – for ikkje å snakka om dykk – bli til skamme med denne tilliten vår. Grunntekst Referansar Emne Notat Manuskript Versjonar
μή πως ἐὰν ἔλθωσιν σὺν ἐμοὶ Μακεδόνες καὶ εὕρωσιν ὑμᾶς ἀπαρασκευάστους καταισχυνθῶμεν ἡμεῖς, ἵνα μὴ ⸀λέγωμεν ὑμεῖς, ἐν τῇ ὑποστάσει ⸀ταύτῃ.
Ingen orddata tilgjengelege
Legg til notat
Notat krev JavaScript.
5 Difor fann eg det naudsynt å be brørne om å reisa til dykk på førehand og få i stand den gåva de har lova. Då er ho klar som ei velsigning og ikkje som noko framtvunge av griskheit. Grunntekst Referansar Emne Notat Manuskript Versjonar
ἀναγκαῖον οὖν ἡγησάμην παρακαλέσαι τοὺς ἀδελφοὺς ἵνα προέλθωσιν ⸀εἰς ὑμᾶς καὶ προκαταρτίσωσι τὴν ⸀προεπηγγελμένην εὐλογίαν ὑμῶν, ταύτην ἑτοίμην εἶναι οὕτως ὡς εὐλογίαν καὶ μὴ ὡς πλεονεξίαν.
Ingen orddata tilgjengelege
Legg til notat
Notat krev JavaScript.
6 Men dette: Den som sår sparsomt, skal òg hausta sparsomt, og den som sår rikeleg, skal òg hausta rikeleg. Grunntekst Referansar Emne Notat Manuskript Versjonar
Τοῦτο δέ, ὁ σπείρων φειδομένως φειδομένως καὶ θερίσει, καὶ ὁ σπείρων ἐπʼ εὐλογίαις ἐπʼ εὐλογίαις καὶ θερίσει.
Ingen orddata tilgjengelege
Legg til notat
Notat krev JavaScript.
7 Kvar og ein skal gje det han har bestemt seg for i hjartet sitt, ikkje med ulyst eller av tvang. For Gud elskar ein glad gjevar. Grunntekst Referansar Emne Notat Manuskript
ἕκαστος καθὼς ⸀προῄρηται τῇ καρδίᾳ, μὴ ἐκ λύπης ἢ ἐξ ἀνάγκης· ἱλαρὸν γὰρ δότην ἀγαπᾷ ὁ θεός.
Ingen orddata tilgjengelege
Legg til notat
Notat krev JavaScript.
8 Og Gud har makt til å gje dykk all nåde i overflod, så de alltid og i alt har nok av alt og kan gje rikeleg til all god gjerning. Grunntekst Referansar Emne Notat Manuskript
⸀δυνατεῖ δὲ ὁ θεὸς πᾶσαν χάριν περισσεῦσαι εἰς ὑμᾶς, ἵνα ἐν παντὶ πάντοτε πᾶσαν αὐτάρκειαν ἔχοντες περισσεύητε εἰς πᾶν ἔργον ἀγαθόν·
Ingen orddata tilgjengelege
Legg til notat
Notat krev JavaScript.
9 Som det står skrive: «Han strødde ut, han gav til dei fattige, rettferda hans varer til evig tid.» Grunntekst Referansar Emne Notat Manuskript
(καθὼς γέγραπται· Ἐσκόρπισεν, ἔδωκεν τοῖς πένησιν, ἡ δικαιοσύνη αὐτοῦ μένει εἰς τὸν αἰῶνα·
Ingen orddata tilgjengelege
Legg til notat
Notat krev JavaScript.
10 Han som gjev såkorn til den som sår og brød til føde, han skal syta for og mangfalda såkornet dykkar og la rettferdsfrukta dykkar veksa. Grunntekst Referansar Emne Notat Manuskript
ὁ δὲ ἐπιχορηγῶν ⸀σπόρον τῷ σπείροντι καὶ ἄρτον εἰς βρῶσιν ⸀χορηγήσει καὶ ⸀πληθυνεῖ τὸν σπόρον ὑμῶν καὶ ⸀αὐξήσει τὰ γενήματα τῆς δικαιοσύνης ὑμῶν·)
Ingen orddata tilgjengelege
Legg til notat
Notat krev JavaScript.
11 De blir rike på alle måtar, så de kan vera gavmilde i alt, og det verkar takksemd til Gud gjennom oss. Grunntekst Referansar Emne Notat Manuskript Versjonar
ἐν παντὶ πλουτιζόμενοι εἰς πᾶσαν ἁπλότητα, ἥτις κατεργάζεται διʼ ἡμῶν εὐχαριστίαν τῷ θεῷ—
Ingen orddata tilgjengelege
Legg til notat
Notat krev JavaScript.
12 For denne tenesta de gjer, hjelper ikkje berre dei heilage med det dei manglar, men får òg mange til å takka Gud. Grunntekst Referansar Emne Notat Manuskript
ὅτι ἡ διακονία τῆς λειτουργίας ταύτης οὐ μόνον ἐστὶν προσαναπληροῦσα τὰ ὑστερήματα τῶν ἁγίων, ἀλλὰ καὶ περισσεύουσα διὰ πολλῶν εὐχαριστιῶν τῷ θεῷ—
Ingen orddata tilgjengelege
Legg til notat
Notat krev JavaScript.
13 Gjennom den prøvde tenesta dykkar prisar dei Gud for at vedkjenninga dykkar til Kristi evangelium viser seg i lydnad, og for gavmilda dykkar i å dela med dei og med alle. Grunntekst Referansar Emne Notat Manuskript Versjonar
διὰ τῆς δοκιμῆς τῆς διακονίας ταύτης δοξάζοντες τὸν θεὸν ἐπὶ τῇ ὑποταγῇ τῆς ὁμολογίας ὑμῶν εἰς τὸ εὐαγγέλιον τοῦ Χριστοῦ καὶ ἁπλότητι τῆς κοινωνίας εἰς αὐτοὺς καὶ εἰς πάντας,
Ingen orddata tilgjengelege
Legg til notat
Notat krev JavaScript.
14 Og dei lengtar etter dykk og bed for dykk på grunn av den overstrøymande nåden Gud har gjeve dykk. Grunntekst Referansar Emne Notat Manuskript
καὶ αὐτῶν δεήσει ὑπὲρ ὑμῶν ἐπιποθούντων ὑμᾶς διὰ τὴν ὑπερβάλλουσαν χάριν τοῦ θεοῦ ἐφʼ ὑμῖν.
Ingen orddata tilgjengelege
Legg til notat
Notat krev JavaScript.
15 Gud vere takk for den useielege gåva si! Grunntekst Referansar Emne Notat Manuskript Versjonar
⸀χάρις τῷ θεῷ ἐπὶ τῇ ἀνεκδιηγήτῳ αὐτοῦ δωρεᾷ.
Ingen orddata tilgjengelege
Legg til notat
Notat krev JavaScript.