Marker Salmane 144 som lesen?
Av David. Velsigna vere HERREN, mitt fjell, han som lærer hendene mine å kjempe og fingrane mine å føre krig.לְדָוִ֨ד ׀ בָּ֘ר֤וּךְ יְהוָ֨ה ׀ צוּרִ֗י הַֽמְלַמֵּ֣ד יָדַ֣י לַקְרָ֑ב אֶ֝צְבְּעוֹתַ֗י לַמִּלְחָמָֽה׃
Ingen orddata tilgjengelege
Han er mi trygge borg og mi festning, mi vern og min utfriar, mitt skjold som eg søkjer ly hos. Han er den som legg folket mitt under meg.חַסְדִּ֥י וּמְצוּדָתִי֮ מִשְׂגַּבִּ֢י וּֽמְפַלְטִ֫י לִ֥י מָ֭גִנִּי וּב֣וֹ חָסִ֑יתִי הָרוֹדֵ֖ד עַמִּ֣י תַחְתָּֽי׃
Ingen orddata tilgjengelege
Vel kva omsetjing du vil bruke for dette verset:
Herre, kva er eit menneske, at du kjenner det, eit menneskebarn, at du bryr deg om det?יְֽהוָ֗ה מָה־אָ֭דָם וַתֵּדָעֵ֑הוּ בֶּן־אֱ֝נ֗וֹשׁ וַֽתְּחַשְּׁבֵֽהוּ׃
Ingen orddata tilgjengelege
Mennesket er likt ein pust, dagane hans er som ein skugge som fer forbi.אָ֭דָם לַהֶ֣בֶל דָּמָ֑ה יָ֝מָ֗יו כְּצֵ֣ל עוֹבֵֽר׃
Ingen orddata tilgjengelege
Herre, bøy himlane dine og stig ned! Rør ved fjella så dei ryker!יְ֭הוָה הַט־שָׁמֶ֣יךָ וְתֵרֵ֑ד גַּ֖ע בֶּהָרִ֣ים וְֽיֶעֱשָֽׁנוּ׃
Ingen orddata tilgjengelege
Send lyn og spreid dei! Skyt pilene dine og driv dei på flukt!בְּר֣וֹק בָּ֭רָק וּתְפִיצֵ֑ם שְׁלַ֥ח חִ֝צֶּ֗יךָ וּתְהֻמֵּֽם׃
Ingen orddata tilgjengelege
Rekk hendene dine ned frå det høge, riv meg ut og frels meg frå dei veldige vatna, frå handa til dei framande,שְׁלַ֥ח יָדֶ֗יךָ מִמָּ֫ר֥וֹם פְּצֵ֣נִי וְ֭הַצִּילֵנִי מִמַּ֣יִם רַבִּ֑ים מִ֝יַּ֗ד בְּנֵ֣י נֵכָֽר׃
Ingen orddata tilgjengelege
dei som har ein munn som talar løgn, og ei høgre hand som sver falskt.אֲשֶׁ֣ר פִּ֭יהֶם דִּבֶּר־שָׁ֑וְא וִֽ֝ימִינָ֗ם יְמִ֣ין שָֽׁקֶר׃
Ingen orddata tilgjengelege
Gud, eg vil syngje ein ny song for deg, på tistrengja harpe vil eg spele for deg,אֱֽלֹהִ֗ים שִׁ֣יר חָ֭דָשׁ אָשִׁ֣ירָה לָּ֑ךְ בְּנֵ֥בֶל עָ֝שׂ֗וֹר אֲזַמְּרָה־לָּֽךְ׃
Ingen orddata tilgjengelege
du som gjev siger til kongane og friar David, tenaren din, frå det vonde sverdet.הַנּוֹתֵ֥ן תְּשׁוּעָ֗ה לַמְּלָ֫כִ֥ים הַ֭פּוֹצֶה אֶת־דָּוִ֥ד עַבְדּ֗וֹ מֵחֶ֥רֶב רָעָֽה׃
Ingen orddata tilgjengelege
Riv meg ut og frels meg frå handa til dei framande, dei som har ein munn som talar løgn, og ei høgre hand som sver falskt.פְּצֵ֥נִי וְהַצִּילֵנִי֮ מִיַּ֢ד בְּֽנֵי־נֵ֫כָ֥ר אֲשֶׁ֣ר פִּ֭יהֶם דִּבֶּר־שָׁ֑וְא וִֽ֝ימִינָ֗ם יְמִ֣ין שָֽׁקֶר׃
Ingen orddata tilgjengelege
Må sønene våre vere som planter som veks seg store i ungdomen, døtrene våre som hjørnesøyler, uthogne etter mønster frå eit palass.אֲשֶׁ֤ר בָּנֵ֨ינוּ ׀ כִּנְטִעִים֮ מְגֻדָּלִ֢ים בִּֽנְעוּרֵ֫יהֶ֥ם בְּנוֹתֵ֥ינוּ כְזָוִיֹּ֑ת מְ֝חֻטָּב֗וֹת תַּבְנִ֥ית הֵיכָֽל׃
Ingen orddata tilgjengelege
Må forrådskammera våre vere fulle og flyte over av alle slag grøde. Må saueflokkane våre auke med tusenvis, ja titusental, på markene våre.מְזָוֵ֣ינוּ מְלֵאִים֮ מְפִיקִ֥ים מִזַּ֗ן אֶ֫ל־זַ֥ן צֹאונֵ֣נוּ מַ֭אֲלִיפוֹת מְרֻבָּב֗וֹת בְּחוּצוֹתֵֽינוּ׃
Ingen orddata tilgjengelege
Må oksane våre vere tunglasta. Må det ikkje vere brot i muren og ikkje bortføring, og ikkje klagerop på torga våre.אַלּוּפֵ֗ינוּ מְֽסֻבָּ֫לִ֥ים אֵֽין־פֶּ֭רֶץ וְאֵ֣ין יוֹצֵ֑את וְאֵ֥ין צְ֝וָחָ֗ה בִּרְחֹבֹתֵֽינוּ׃
Ingen orddata tilgjengelege
Sælt er det folket som har det slik! Sælt er det folket som har Herren til sin Gud!אַשְׁרֵ֣י הָ֭עָם שֶׁכָּ֣כָה לּ֑וֹ אַֽשְׁרֵ֥י הָ֝עָ֗ם שֶׁיֲהוָ֥ה אֱלֹהָֽיו׃
Ingen orddata tilgjengelege