2. MosebokKapittel 24

Til Moses sa han: «Stig opp til Herren, du og Aron, Nadab og Abihu, og sytti av dei eldste i Israel. Tilbe på avstand.
Moses kom og fortalde folket alle orda frå Herren og alle lovene. Heile folket svara med éi røyst og sa: «Alt det Herren har sagt, vil vi gjera.»
Moses skreiv ned alle orda frå Herren. Tidleg om morgonen bygde han eit altar nedanfor fjellet og reiste tolv steinstøtter, éin for kvar av dei tolv stammane i Israel.
Han sende unge menn av Israels born av stad, og dei bar fram brennoffer og slakta oksar som fredsoffer for Herren.
Moses tok halvparten av blodet og hadde det i skåler, og den andre halvparten av blodet skvetta han på altaret.
Då tok Moses blodet og skvetta det på folket og sa: «Sjå, dette er blodet av pakta som Herren har gjort med dykk på grunnlag av alle desse orda.»
Dei såg Israels Gud. Under føtene hans var det som eit verk av safirstein, klårt som himmelen sjølv i reinleik.
Men mot dei fremste av Israels born lyfte han ikkje handa si. Dei skoda Gud, og dei åt og drakk.
Herren sa til Moses: «Stig opp til meg på fjellet og bli der. Eg vil gje deg steintavlene, og lova og boda som eg har skrive for å rettleia dei.»
Til dei eldste sa han: «Vent på oss her til vi kjem tilbake til dykk. Sjå, Aron og Hur er hos dykk. Om nokon har ei sak, lat han gå til dei.»
Herrens herlegdom tok bustad på Sinai-fjellet, og skya dekte det i seks dagar. På den sjuande dagen ropa han til Moses frå skya.
Herrens herlegdom såg ut som ein fortærande eld på toppen av fjellet for auga til israelittane.
Moses gjekk inn i skya og steig opp på fjellet. Moses var på fjellet i førti dagar og førti netter.