5. MosebokKapittel 34

Moses gjekk opp frå Moab-slettene til Nebo-fjellet, til toppen av Pisga, som ligg midt imot Jeriko. Der lét Herren han sjå heile landet: Gilead heilt til Dan,
heile Naftali, landet til Efraim og Manasse, heile Juda-landet til havet i vest,
Negev og Jordan-dalen, Jeriko-sletta der palmebyen ligg, heilt til Soar.
Og Herren sa til han: «Dette er landet eg lova Abraham, Isak og Jakob då eg sa: Eg vil gje det til etterkomarane dine. No har eg late deg sjå det med eigne auge, men du skal ikkje gå over dit.»
Og han vart gravlagd i dalen i Moab-landet, midt imot Bet-Peor. Men ingen kjenner grava hans den dag i dag.
Moses var hundre og tjue år gammal då han døydde. Synet hans var ikkje sløva, og livskrafta hans var ikkje minka.
Israelittane gret over Moses på Moab-slettene i tretti dagar. Så var sørgjetida etter Moses til ende.
Josva, son til Nun, var fylt av visdomsånd, for Moses hadde lagt hendene sine på han. Israelittane lydde han og gjorde som Herren hadde pålagt Moses.
Sidan stod det ikkje fram nokon profet i Israel som Moses, han som Herren kjende åsyn til åsyn,
med alle dei teikna og undera Herren sende han for å gjera i Egypt, mot farao og alle tenarane hans og heile landet hans,
og med all den sterke handa og all den store redsla Moses synte for auga på heile Israel.