JesajaKapittel 39

På den tida sende Merodak-Baladan, son til Baladan, kongen i Babylon, brev og ei gåve til Hiskia, for han hadde høyrt at han hadde vore sjuk og var frisk att.
Hiskia vart glad for dei og viste dei krydderhuset sitt, sølvet og gullet, krydderet og den fine oljen, heile våpenlageret og alt som fanst i skattane hans. Det var ikkje noko i huset hans eller i heile riket hans som Hiskia ikkje viste dei.
Då kom profeten Jesaja til kong Hiskia og sa til han: «Kva sa desse mennene, og kvar kom dei frå?» Hiskia svara: «Dei kom til meg frå eit land langt borte, frå Babylon.»
Han spurde: «Kva har dei sett i huset ditt?» Hiskia svara: «Alt som er i huset mitt, har dei sett. Det var ikkje noko i skattane mine som eg ikkje viste dei.»
Då sa Jesaja til Hiskia: «Høyr ordet frå Herren, Allhærs Gud:
Sjå, det kjem dagar då alt som er i huset ditt, og alt det fedrane dine har samla fram til denne dagen, skal førast til Babylon. Ingenting skal bli att, seier Herren.
Og nokre av etterkomarane dine, dei som kjem frå deg, dei du skal få, skal takast bort. Dei skal bli hoffmenn i slottet til kongen i Babylon.»
Då sa Hiskia til Jesaja: «Godt er Herrens ord som du har tala.» Og han sa: «Det skal i det minste vera fred og tryggleik i mine dagar.»