JesajaKapittel 61

Herren Guds Ande er over meg, for Herren har salva meg til å forkynna godt bodskap for dei fattige. Han har sendt meg for å lækja dei som har eit sundbrote hjarte, for å ropa ut fridom for dei fanga og frigjering for dei bundne.
Eg skal ropa ut eit nådeår for Herren og ein hemnedag for vår Gud, for å trøysta alle som sørgjer.
Eg skal gje dei som sørgjer i Sion hovudpryd i staden for oske, gledeolje i staden for sorg, lovsongskappe i staden for ei motlaus ånd. Dei skal kallast rettferds eiker, planta av Herren til hans ære.
Dei skal byggja opp att ruinar frå gammal tid, reisa det som lenge har lege øyde. Dei skal fornya dei øydelagde byane som har lege i grus frå slekt til slekt.
Framande skal stå og gjeta småfeet dykkar, og utlendingar skal vera åkerbrukarane og vingardsarbeidarane dykkar.
Men de skal kallast Herrens prestar, dei skal kalla dykk vår Guds tenarar. De skal nyta rikdomen til folkeslaga og rosa dykk av herlegdomen deira.
I staden for skam skal de få dobbelt, og i staden for vanære skal dei jubla over sin del. Difor skal de arva dobbelt i landet dykkar, og de skal ha ei evig glede.
For eg, Herren, elskar rett og hatar ran og urett. Eg skal gje dei løna deira i truskap og gjera ei evig pakt med dei.
Ætta deira skal vera kjend mellom folkeslaga, og etterkomarane deira mellom folka. Alle som ser dei, skal kjenna dei att, for dei er ei ætt som Herren har velsigna.
Eg vil gleda meg stort i Herren, mi sjel skal jubla i min Gud! For han har kledd meg i frelsesskrud og sveipt meg i rettferds kappe, lik ein brudgom som pyntar seg med hovudpryd, og lik ei brur som pyntar seg med smykka sine.
For liksom jorda lèt vekstane sine spira, og liksom ein hage får det som er sådd til å veksa, slik skal Herren Gud la rettferd og lovsong spira fram for augo på alle folkeslag.