JesajaKapittel 56

Så seier Herren: Hald fast på det som er rett, og gjer det som er rettferdig, for frelsa mi er nær, ho kjem snart, og mi rettferd skal openberrast.
Sæl er det mennesket som gjer dette, det menneskjebarnet som held fast ved det, som held sabbaten og ikkje vanhelgar han, og som held handa si tilbake frå å gjera noko vondt.
Lat ikkje utlendingen som har slutta seg til Herren, seia: «Herren vil visseleg skilja meg frå folket sitt.» Og lat ikkje den gjelda seia: «Sjå, eg er berre eit turka tre.»
For så seier Herren til dei gjelda som held sabbatane mine, som vel det eg har hugnad i, og held fast ved pakta mi:
Eg vil gje dei ein plass i huset mitt og innanfor murane mine, og eit namn som er betre enn søner og døtrer. Eit evig namn vil eg gje dei, eit som aldri skal rydjast ut.
Og dei framande som har slutta seg til Herren for å tena han, for å elska Herrens namn og vera tenarane hans, alle som held sabbaten og ikkje vanhelgar han, og som held fast ved pakta mi –
dei vil eg føra til mitt heilage fjell og gje dei glede i mitt bønehus. Brennoffera og slaktoffera deira skal vera til hugnad på altaret mitt, for huset mitt skal kallast eit bønehus for alle folk.
Så lyder ordet frå Herren Gud, han som samlar dei fordrivne av Israel: Endå fleire vil eg samla til dei som alt er samla.
Kom, alle de villdyr på marka, og et, alle de dyr i skogen!
Vaktmennene hans er alle blinde, dei veit ingenting. Alle er dei stumme hundar som ikkje kan gjø. Dei ligg og drøymer, dei elskar å sova.
Og hundane er gråuge, dei kjenner ikkje mettnad. Dei er gjetarar som ikkje forstår noko. Alle har dei vendt seg til sin eigen veg, kvar einaste ein søkjer vinning for seg sjølv.
«Kom,» seier dei, «lat meg henta vin! Lat oss drikka oss fulle av sterk drikk! I morgon skal det bli som i dag, ja, endå mykje storslegnare!»