JesajaKapittel 42

Sjå, min tenar som eg held oppe, min utvalde som mi sjel har hugnad i! Eg har lagt min Ande på han, han skal føra rett ut til folkeslaga.
Han skal ikkje ropa og ikkje setja i, ikkje la røysta si høyrast ute.
Eit knekt røyr skal han ikkje bryta av, ein rykande veik skal han ikkje sløkkja. Med truskap skal han føra retten ut.
Han skal ikkje slokna og ikkje bli knekt før han har grunnlagt retten på jorda. Fjerne strender ventar på hans lov.
Så seier Gud Herren, som skapte himmelen og spente han ut, som breidde ut jorda med det som spirer fram av henne, som gjev livsande til folket på henne og ånd til dei som ferdast der:
Eg, Herren, har kalla deg i rettferd. Eg grip handa di og vernar deg. Eg gjer deg til ei pakt for folket, til eit lys for folkeslaga,
til å opna blinde auge, til å føra fangar ut frå fangehòlet, og frå fengselet dei som sit i mørker.
Eg er Herren, det er mitt namn. Eg gjev ikkje mi ære til ein annan, ikkje min lovpris til gudebilete.
Det som vart varsla før, sjå, det har hendt. No forkynner eg nye ting. Før dei spirer fram, let eg dykk høyra om dei.
Syng ein ny song for Herren, syng hans pris frå endane av jorda, de som fer ut på havet og alt som fyller det, de øyar og dei som bur der!
Lat ørkenen og byane der løfta røysta, landsbyane der Kedar bur! Lat dei som bur i Sela, jubla, ropa frå fjelltoppane!
Lat dei gje Herren ære og forkynna hans pris på dei fjerne øyane!
Herren dreg ut som ein helt, som ein krigar vekkjer han sin stridshug. Han ropar, ja, skrik ut krigsrop, han viser seg som helt mot fiendane sine.
Eg har teia frå eldgammal tid, vore stille og halde meg att. No skrik eg som ei fødande kvinne, eg pustar og peser på ein gong.
Eg legg fjell og haugar øyde og lèt alt graset der visna. Eg gjer elvar til øyar og turkar ut innsjøar.
Eg fører blinde på ein veg dei ikkje kjende, på ukjende stigar lèt eg dei gå. Eg gjer mørkret framfor dei til lys og det ujamne til flat mark. Dette er det eg gjer, og eg forlet dei ikkje.
Dei som set si lit til utskorne bilete, skal vika tilbake og stå djupt til skamme, dei som seier til støypte bilete: «De er våre gudar.»
Høyr, de døve! Sjå opp, de blinde, så de kan sjå!
Kven er blind som tenaren min, kven er døv som sendebodet eg sender? Kven er blind som den som har fått sitt, blind som Herrens tenar?
Du har sett mykje, men du tek det ikkje vare. Du har opne øyre, men du høyrer ikkje.
For si rettferd skuld ville Herren gjera lova stor og herleg.
Men dette er eit folk som er plyndra og rana. Alle dei unge er fanga i snarer og gøymde bort i fangehus. Dei er blitt til bytte, og ingen bergar. Dei er rana, og ingen seier: «Gjev tilbake!»
Kven av dykk vil lytta til dette, gje akt og høyra for tida som kjem?
Kven gav Jakob bort til plyndring og Israel til ranarar? Var det ikkje Herren, han vi synda mot? Dei ville ikkje gå på hans vegar og høyrde ikkje på hans lov.
Så aust han over dei sin brennande vreide og krigens vald. Det loga rundt dei, men dei skjøna ikkje. Det brann i dei, men dei la det ikkje på hjarta.