JesajaKapittel 16

Send lam til han som rår over landet, frå Sela gjennom øydemarka, til fjellet der Sions dotter bur.
Som ein flaksande fugl, driven bort frå redet, slik skal Moabs døtrer vera ved vadestadene over Arnon.
Gjev råd, gjer ei avgjerd! Gjer skuggen din som natta midt på dagen! Gøym dei bortdrivne, røp ikkje den flyktande!
Lat dei bortdrivne mine bu hjå deg, ver eit skjul for Moab mot øydeleggaren! For valdsmannen er borte, øydelegginga har teke slutt, og dei som trakka ned landet, er forsvunne.
Då skal ein trone bli grunnfest i nåde, og på han skal det sitja ein i truskap, i Davids telt, ein som dømer og søkjer rett og er snøgg til rettferd.
Vi har høyrt om Moabs hovmod, kor ovleg stort det er, om storlåten hans og ovmotet og vreiden. Tomt skryt er det!
Difor skal Moab jamra seg over Moab, alle skal jamra seg. Over rosinkakene frå Kir-Hareset skal de sukka, djupt sorgfulle.
For markene i Hesjbon visnar, og vintreet i Sibma òg. Herrane over folka slo ned dei edlaste rankene, som nådde heilt til Jaser og spreidde seg ut i øydemarka. Skota breidde seg ut og nådde over havet.
Difor gret eg med Jasers gråt over vintreet i Sibma. Eg væter deg med tårene mine, Hesjbon og Elale! For over frukthaustinga di og kornhaustinga di har kampropet falle.
Glede og fagnad er borte frå fruktmarkene. I vinmarkene er det ingen song, ingen jubel lenger. Ingen trakkar vin i vinpressa. Eg har gjort slutt på gledesropet.
Difor brummar mitt indre for Moab som ei harpe, og det som er i meg, for Kir-Heres.
Og det skal skje: Når Moab slit seg ut på offerhaugen og går til heilagdomen sin for å be, skal han ikkje makte noko.
Dette er ordet som Herren tala til Moab den gongen.
Men no har Herren tala og sagt: Om tre år, rekna som åra til ein leigekar, skal Moabs herlegdom vera vanæra, trass i heile den store folkemengda. Berre ein liten, ubetydeleg rest skal vera att.