JesajaKapittel 27

Den dagen skal Herren med sverdet sitt, det harde og store og sterke, straffa Leviatan, den raske slangen, ja, Leviatan, den slyngande slangen. Han skal drepa draken som er i havet.
Den dagen heiter det om ein herleg vingard: Syng om henne!
Eg, Herren, vaktar henne. Kvart augneblink vatnar eg henne. For at ingen skal skada henne, vaktar eg henne natt og dag.
Vreide har eg ikkje. Å, om eg fann tornar og tistel! I strid ville eg gå laus på dei og brenna dei opp alle saman.
Eller lat dei ta si tilflukt til vernet mitt og gjera fred med meg, ja, lat dei gjera fred med meg!
I komande dagar skal Jakob slå rot, Israel skal bløma og skyta knoppar, og dei skal fylla verda med frukt.
Har han vorte slegen slik han slo den som slo han? Eller er han drepen slik dei vart drepne som han drap?
Med måtehald, ved å senda henne bort, førte du sak mot henne. Han dreiv henne bort med sin harde vind på ein dag med austavind.
Difor skal Jakobs skuld sonast på denne måten, og dette er heile frukta av at synda hans blir teken bort: Han gjer alle altarsteinane til knuste kalksteinar, og Asjera-stolpane og røykjelsesaltara skal ikkje reisa seg meir.
For den befesta byen ligg einsam, ein forlaten og forsømd bustad lik øydemarka. Der beitar kalven, der legg han seg ned og et opp greinene.
Når greinene tørkar, blir dei brotne av. Kvinner kjem og tenner eld med dei. For dette er ikkje eit folk med forstand. Difor viser han som skapte dei, dei ikkje miskunn, og han som forma dei, er ikkje nådig mot dei.
Den dagen skal Herren tresja kornet, frå Eufrat-elva til Egyptarbekken. Og de, Israels born, skal bli sanka inn, ein etter ein.
Den dagen skal det blåsast i ein stor basun. Då skal dei koma, dei som var bortkomne i Assyria og dei som var fordrivne til Egypt. Dei skal tilbe Herren på det heilage fjellet i Jerusalem.