JesajaKapittel 24

Sjå, Herren tømer jorda og legg henne øyde, han snur opp ned på overflata og spreier dei som bur der.
Det går folket som presten, tenaren som herren hans, tenestejenta som frua hennar, kjøparen som seljaren, långivaren som låntagaren, den som driv inn gjeld, som den som skuldar.
Jorda skal tømast heilt og plyndrast fullstendig, for Herren har tala dette ordet.
Jorda sørgjer og visnar, verda veiknar og visnar, dei høgaste blant folket på jorda veiknar.
Jorda er vanhelga under dei som bur på henne, for dei har brote lovene, sett seg ut over forskriftene og brote den evige pakta.
Difor et forbanning opp jorda, og dei som bur på henne, må bera skulda. Difor minkar innbyggjarane på jorda, og berre få menneske er att.
Mosten sørgjer, vintreet visnar, alle som var glade i hjartet, sukkar.
Gleda ved trommene har stilna, larmen frå dei jublande har tagna, gleda ved lyra har stilna.
Dei drikk ikkje vin med song, rusdrikken smakar bittert for dei som drikk han.
Kaosbyen ligg knust, kvart hus er stengt så ingen kan koma inn.
Dei ropar etter vin på gatene. All glede har mørkna, jubelen har forlate landet.
Berre øydelegging er att i byen, og porten er slegen i grus.
For slik skal det vera midt på jorda, mellom folka: som når ein slår oliven av treet, som ettersanking når hausten er over.
Dei lyfter røysta og jublar, frå havet ropar dei om Herrens stordom.
Difor skal de æra Herren i landa mot aust, på øyane i havet skal de æra namnet til Herren, Israels Gud.
Frå endane av jorda høyrer vi song: «Ære til Den Rettferdige!» Men eg seier: Eg tærest bort, eg tærest bort! Ve meg! Svikarar sviktar, ja, svikarar sviktar grovt.
Redsle, grav og snare ventar deg, du som bur på jorda.
Den som flyktar for lyden av redsla, skal falla i grava, og den som kjem opp or grava, skal fangast i snara. For slusene i det høge har opna seg, og grunnvollane til jorda skjelv.
Jorda brest i bitar, jorda rivnar og rasar, jorda vaklar og vinglar.
Jorda ragar som ein drukken mann og svingar att og fram som ei vakthytte. Synda hennar tyngjer henne ned, ho fell og reiser seg aldri meir.
På den dagen skal Herren straffa himmelhæren i det høge og kongane på jorda her nede.
Dei skal samlast som fangar i ei brønn og stengjast inne i fengsel, og etter mange dagar skal dei få sin dom.
Månen skal blygjast og sola skjemmast, for Herren over hærskarane skal vera konge på Sion-fjellet og i Jerusalem, og framfor dei eldste skal det vera herlegdom.