2. MosebokKapittel 24

Til Moses sa han: «Stig opp til Herren, du og Aron, Nadab og Abihu, og sytti av dei eldste i Israel. Tilbe på avstand.
Til Moses sa han: «Stig opp til Herren, du og Aron, Nadab og Abihu, og sytti av Israels eldste, og tilbe på avstand.
Moses åleine skal koma nær til Herren, dei andre skal ikkje koma nær, og folket skal ikkje gå opp saman med han.»
Bare Moses skal komme nær til Herren, de andre skal ikke nærme seg, og folket skal ikke gå opp sammen med ham.»
Moses kom og fortalde folket alle orda frå Herren og alle lovene. Heile folket svara med éi røyst og sa: «Alt det Herren har sagt, vil vi gjera.»
Moses kom og fortalte folket alle Herrens ord og alle lovene. Hele folket svarte med én røst og sa: «Alt det Herren har sagt, vil vi gjøre.»
Moses skreiv ned alle orda frå Herren. Tidleg om morgonen bygde han eit altar nedanfor fjellet og reiste tolv steinstøtter, éin for kvar av dei tolv stammane i Israel.
Moses skrev ned alle Herrens ord. Tidlig neste morgen bygde han et alter ved foten av fjellet og reiste tolv steinstøtter for Israels tolv stammer.
Han sende unge menn av Israels born av stad, og dei bar fram brennoffer og slakta oksar som fredsoffer for Herren.
Så sendte han unge menn blant Israels sønner av sted, og de ofret brennoffer og slaktet okser som fredsoffer for Herren.
Moses tok halvparten av blodet og hadde det i skåler, og den andre halvparten av blodet skvetta han på altaret.
Moses tok halvparten av blodet og helte det i skåler, og den andre halvparten stenket han på alteret.
Så tok han paktboka og las ho opp for folket. Dei sa: «Alt det Herren har sagt, vil vi gjera og lyda.»
Så tok han paktsboken og leste den høyt for folket. De sa: «Alt det Herren har sagt, vil vi gjøre og adlyde.»
Då tok Moses blodet og skvetta det på folket og sa: «Sjå, dette er blodet av pakta som Herren har gjort med dykk på grunnlag av alle desse orda.»
Da tok Moses blodet og stenket det på folket og sa: «Se, dette er paktens blod, den pakt som Herren har sluttet med dere på grunnlag av alle disse ordene.»
Dei såg Israels Gud. Under føtene hans var det som eit verk av safirstein, klårt som himmelen sjølv i reinleik.
De så Israels Gud. Under hans føtter var det som et verk av safirstein, strålende klart som selve himmelen.
Men mot dei fremste av Israels born lyfte han ikkje handa si. Dei skoda Gud, og dei åt og drakk.
Men mot Israels fremste menn rakte han ikke ut sin hånd. De skuet Gud, og de spiste og drakk.
Herren sa til Moses: «Stig opp til meg på fjellet og bli der. Eg vil gje deg steintavlene, og lova og boda som eg har skrive for å rettleia dei.»
Herren sa til Moses: «Stig opp til meg på fjellet og bli der. Jeg vil gi deg steintavlene med loven og budet som jeg har skrevet for å undervise dem.»
Til dei eldste sa han: «Vent på oss her til vi kjem tilbake til dykk. Sjå, Aron og Hur er hos dykk. Om nokon har ei sak, lat han gå til dei.»
Til de eldste sa han: «Vent på oss her til vi kommer tilbake til dere. Aron og Hur er hos dere. Den som har en sak, kan gå til dem.»
Herrens herlegdom tok bustad på Sinai-fjellet, og skya dekte det i seks dagar. På den sjuande dagen ropa han til Moses frå skya.
Herrens herlighet hvilte over Sinai-fjellet, og skyen dekket det i seks dager. På den sjuende dagen ropte han til Moses fra skyen.
Herrens herlegdom såg ut som ein fortærande eld på toppen av fjellet for auga til israelittane.
For israelittene så Herrens herlighet ut som en fortærende ild på toppen av fjellet.
Moses gjekk inn i skya og steig opp på fjellet. Moses var på fjellet i førti dagar og førti netter.
Moses gikk inn i skyen og steg opp på fjellet. Han ble på fjellet i førti dager og førti netter.