1. MosebokKapittel 5

Vis ættetavle10 generasjoner fra Adam til Noah

Adams slektslinje til Noah med deres høye aldre. Merk at Enok "ble borte, for Gud tok ham" - han døde ikke som de andre.

Fra Adam til Noahv.3-32

Adam930 år
Set912 år
Enosj905 år
Kenan910 år
Mahalalel895 år
Jared962 år
Enok365 årGud tok ham
Metusjalah969 åreldst i Bibelen
Lamek777 år
Noah950 år
Dette er boka om Adams slekt. Den dagen Gud skapte mennesket, laga han det i Guds likning.
Då Adam var hundre og tretti år gammal, fekk han ein son i si likning, etter sitt bilete. Han kalla han Set.
Etter at Adam hadde fått Set, levde han åtte hundre år og fekk søner og døtrer.
Alle dagane Adam levde, vart ni hundre og tretti år. Så døydde han.
Då Set var hundre og fem år gammal, fekk han Enosj.
Etter at Set hadde fått Enosj, levde han åtte hundre og sju år og fekk søner og døtrer.
Alle dagane Set levde, vart ni hundre og tolv år. Så døydde han.
Då Enosj var nitti år gammal, fekk han Kenan.
Etter at Enosj hadde fått Kenan, levde han åtte hundre og femten år og fekk søner og døtrer.
Alle dagane Enosj levde, vart ni hundre og fem år. Så døydde han.
Då Kenan var sytti år gammal, fekk han Mahalalel.
Etter at Kenan hadde fått Mahalalel, levde han åtte hundre og førti år og fekk søner og døtrer.
Alle dagane Kenan levde, vart ni hundre og ti år. Så døydde han.
Då Mahalalel var sekstifem år gammal, fekk han Jared.
Etter at Mahalalel hadde fått Jared, levde han åtte hundre og tretti år og fekk søner og døtrer.
Alle dagane Mahalalel levde, vart åtte hundre og nittifem år. Så døydde han.
Då Jared var hundre og sekstito år gammal, fekk han Henok.
Etter at Jared hadde fått Henok, levde han åtte hundre år og fekk søner og døtrer.
Alle dagane Jared levde, vart ni hundre og sekstito år. Så døydde han.
Då Henok var sekstifem år gammal, fekk han Metusjalah.
Henok vandra med Gud i tre hundre år etter at han hadde fått Metusjalah, og han fekk søner og døtrer.
Alle dagane Henok levde, vart tre hundre og sekstifem år.
Henok vandra med Gud. Så var han borte, for Gud tok han bort.
Då Metusjalah var hundre og åttisju år gammal, fekk han Lamek.
Etter at Metusjalah hadde fått Lamek, levde han sju hundre og åttito år og fekk søner og døtrer.
Alle dagane Metusjalah levde, vart ni hundre og sekstini år. Så døydde han.
Då Lamek var hundre og åttito år gammal, fekk han ein son.
Han kalla han Noa og sa: «Han skal trøysta oss i arbeidet vårt og i slitet med hendene våre på den jorda som Herren har forbanna.»
Etter at Lamek hadde fått Noa, levde han fem hundre og nittifem år og fekk søner og døtrer.
Alle dagane Lamek levde, vart sju hundre og syttisju år. Så døydde han.
Då Noa var fem hundre år gammal, fekk han sønene Sem, Kam og Jafet.