1. MosebokKapittel 35

Gud sa til Jakob: «Reis deg og dra opp til Betel og bu der. Bygg eit altar der for den Gud som synte seg for deg då du flykta frå Esau, bror din.»
Då sa Jakob til huslyden sin og til alle som var med han: «Kast bort dei framande gudane som er mellom dykk, reinsa dykk og skift klede!
Lat oss bryta opp og fara til Betel! Der vil eg byggja eit altar for den Gud som svara meg den dagen eg var i naud, og som har vore med meg på vegen eg har gått.»
Så gav dei Jakob alle dei framande gudane dei hadde, og ringane dei bar i øyro. Jakob grov dei ned under eika ved Sikem.
Så braut dei opp, og ein redsle frå Gud kom over byane rundt omkring, så ingen forfølgde Jakobs søner.
Jakob kom til Lus i Kanaan, det vil seia Betel, han og alt folket som var med han.
Der bygde han eit altar og kalla staden El-Betel, for der hadde Gud openberra seg for han då han flykta frå bror sin.
Debora, amma til Rebekka, døydde og vart gravlagd nedanfor Betel, under eika. Dei kalla han Gråte-eika.
Gud synte seg på nytt for Jakob då han kom frå Paddan-Aram, og velsigna han.
Gud sa til han: «Namnet ditt er Jakob, men du skal ikkje lenger heita Jakob. Israel skal vera namnet ditt.» Så kalla han han Israel.
Gud sa til han: «Eg er El Sjaddai. Ver fruktbar og bli talrik! Eit folk, ja, ei samling av folkeslag, skal koma frå deg, og kongar skal gå ut frå deg.
Så fór Gud opp frå han, frå staden der han hadde tala med han.
Jakob reiste ei steinstøtte på staden der Gud hadde tala med han. Han aust drikkoffer over henne og helte olje på henne.
Jakob kalla staden der Gud hadde tala med han, Betel.
Så braut dei opp frå Betel. Då det enno var eit stykke att til Efrata, fødde Rakel, og fødselen var hard.
Då sjela hennar fór ut, for ho døydde, kalla ho han Ben-Oni. Men faren kalla han Benjamin.
Så døydde Rakel og vart gravlagd ved vegen til Efrata, det er Betlehem.
Israel braut opp og slo opp teltet sitt på hi sida av Migdal-Eder.
Medan Israel budde i det landet, gjekk Ruben og låg med Bilha, følgjekona til far sin. Israel fekk høyra det. Jakob hadde tolv søner.
Sønene til Lea var: Ruben, den førstefødde til Jakob, Simon, Levi, Juda, Issakar og Sebulon.
Sønene til Rakel var: Josef og Benjamin.
Sønene til Bilha, trælkvinna til Rakel, var: Dan og Naftali.
Sønene til Silpa, trælkvinna til Lea, var: Gad og Asjer. Dette var sønene til Jakob, som vart fødde i Paddan-Aram.
Jakob kom heim til Isak, far sin, i Mamre ved Kirjat-Arba, det er Hebron, der Abraham og Isak hadde budd som innflyttarar.
Isak levde i hundre og åtti år.
Så anda Isak ut og døydde og vart sameina med folket sitt, gammal og mett av dagar. Esau og Jakob, sønene hans, gravla han.