Marker 2. Peter 3 som lesen? Ja Lukk
Marker utval som lese 1 Dette er no det andre brevet eg skriv til dykk, mine kjære. I begge breva har eg prøvd å vekkja det reine sinnet dykkar ved å minna dykk om ting. Grunntekst Referansar Emne Notat Manuskript
Ταύτην ἤδη, ἀγαπητοί, δευτέραν ὑμῖν γράφω ἐπιστολήν, ἐν αἷς διεγείρω ὑμῶν ἐν ὑπομνήσει τὴν εἰλικρινῆ διάνοιαν,
Ingen orddata tilgjengelege
Legg til notat
Notat krev JavaScript.
2 Eg vil at de skal hugsa orda som dei heilage profetane har tala på førehand, og bodet frå Herren og Frelsaren, gjeve gjennom apostlane dykkar. Grunntekst Referansar Emne Notat Manuskript
μνησθῆναι τῶν προειρημένων ῥημάτων ὑπὸ τῶν ἁγίων προφητῶν καὶ τῆς τῶν ἀποστόλων ὑμῶν ἐντολῆς τοῦ κυρίου καὶ σωτῆρος,
Ingen orddata tilgjengelege
Legg til notat
Notat krev JavaScript.
3 Først og fremst må de vita dette: I dei siste dagane skal det koma spottarar som driv gjøn og følgjer sine eigne lyster. Grunntekst Referansar Emne Notat Manuskript
τοῦτο πρῶτον γινώσκοντες ὅτι ἐλεύσονται ἐπʼ ⸀ἐσχάτων τῶν ἡμερῶν ⸂ἐν ἐμπαιγμονῇ⸃ ἐμπαῖκται κατὰ τὰς ἰδίας ἐπιθυμίας αὐτῶν πορευόμενοι
Ingen orddata tilgjengelege
Legg til notat
Notat krev JavaScript.
4 Dei seier: «Kvar er lovnaden om at han skal koma att? For heilt sidan fedrane sovna inn, har alt halde fram som det var frå skapinga av.» Grunntekst Referansar Emne Notat Manuskript
καὶ λέγοντες· Ποῦ ἐστιν ἡ ἐπαγγελία τῆς παρουσίας αὐτοῦ; ἀφʼ ἧς γὰρ οἱ πατέρες ἐκοιμήθησαν, πάντα οὕτως διαμένει ἀπʼ ἀρχῆς κτίσεως.
Ingen orddata tilgjengelege
Legg til notat
Notat krev JavaScript.
5 Men dei som vil det slik, gløymer at himlane fanst frå gammal tid, og at jorda vart forma av vatn og gjennom vatn ved Guds ord. Grunntekst Referansar Emne Notat Manuskript
λανθάνει γὰρ αὐτοὺς τοῦτο θέλοντας ὅτι οὐρανοὶ ἦσαν ἔκπαλαι καὶ γῆ ἐξ ὕδατος καὶ διʼ ὕδατος συνεστῶσα τῷ τοῦ θεοῦ λόγῳ,
Ingen orddata tilgjengelege
Legg til notat
Notat krev JavaScript.
6 Ved dette vart den dåverande verda øydelagd då ho vart overfløymd av vatn. Grunntekst Referansar Emne Notat Manuskript
⸂διʼ ὧν⸃ ὁ τότε κόσμος ὕδατι κατακλυσθεὶς ἀπώλετο·
Ingen orddata tilgjengelege
Legg til notat
Notat krev JavaScript.
7 Men den himmelen og den jorda som no er, er ved det same ordet sparte til elden og blir haldne til domedag og undergangen for dei ugudelege. Grunntekst Referansar Emne Notat Manuskript Versjonar
οἱ δὲ νῦν οὐρανοὶ καὶ ἡ γῆ τῷ ⸀αὐτῷ λόγῳ τεθησαυρισμένοι εἰσὶν πυρὶ τηρούμενοι εἰς ἡμέραν κρίσεως καὶ ἀπωλείας τῶν ἀσεβῶν ἀνθρώπων.
Ingen orddata tilgjengelege
Legg til notat
Notat krev JavaScript.
8 Men dette eine må de ikkje gløyma, mine kjære: For Herren er éin dag som tusen år, og tusen år som éin dag. Grunntekst Referansar Emne Notat Manuskript
Ἓν δὲ τοῦτο μὴ λανθανέτω ὑμᾶς, ἀγαπητοί, ὅτι μία ἡμέρα παρὰ κυρίῳ ὡς χίλια ἔτη καὶ χίλια ἔτη ὡς ἡμέρα μία.
Ingen orddata tilgjengelege
Legg til notat
Notat krev JavaScript.
9 Herren drygjer ikkje med lovnaden sin, slik somme meiner han drygjer. Nei, han er tolmodig med dykk, for han vil ikkje at nokon skal gå fortapt, men at alle skal koma til omvending. Grunntekst Referansar Emne Notat Manuskript
οὐ βραδύνει ⸀κύριος τῆς ἐπαγγελίας, ὥς τινες βραδύτητα ἡγοῦνται, ἀλλὰ μακροθυμεῖ εἰς ⸀ὑμᾶς, μὴ βουλόμενός τινας ἀπολέσθαι ἀλλὰ πάντας εἰς μετάνοιαν χωρῆσαι.
Ingen orddata tilgjengelege
Legg til notat
Notat krev JavaScript.
10 Men Herrens dag skal koma som ein tjuv. Då skal himlane forgå med veldig brak, og grunnstoffa skal løysast opp i brann, og jorda og alt som er gjort på henne, skal koma fram i lyset. Grunntekst Referansar Emne Notat Manuskript Versjonar
ἥξει δὲ ⸀ἡμέρα κυρίου ὡς ⸀κλέπτης, ἐν ᾗ οἱ οὐρανοὶ ῥοιζηδὸν παρελεύσονται, στοιχεῖα δὲ καυσούμενα ⸀λυθήσεται, καὶ γῆ καὶ τὰ ἐν αὐτῇ ἔργα ⸀εὑρεθήσεται.
Ingen orddata tilgjengelege
Legg til notat
Notat krev JavaScript.
11 Sidan alt dette skal løysast opp, kor mykje meir må de ikkje då leva eit heilagt og gudfryktig liv! Grunntekst Referansar Emne Notat Manuskript
Τούτων ⸀οὕτως πάντων λυομένων ποταποὺς δεῖ ὑπάρχειν ὑμᾶς ἐν ἁγίαις ἀναστροφαῖς καὶ εὐσεβείαις,
Ingen orddata tilgjengelege
Legg til notat
Notat krev JavaScript.
12 De skal venta på og skunda fram Guds dag, då himlane skal løysast opp i eld og grunnstoffa skal smelta i brann. Grunntekst Referansar Emne Notat Manuskript Versjonar
προσδοκῶντας καὶ σπεύδοντας τὴν παρουσίαν τῆς τοῦ θεοῦ ἡμέρας, διʼ ἣν οὐρανοὶ πυρούμενοι λυθήσονται καὶ στοιχεῖα καυσούμενα τήκεται·
Ingen orddata tilgjengelege
Legg til notat
Notat krev JavaScript.
13 Men etter hans lovnad ventar vi på nye himlar og ei ny jord, der rettferd bur. Grunntekst Referansar Profetiar (1) Emne Notat Manuskript
καινοὺς δὲ οὐρανοὺς καὶ γῆν καινὴν κατὰ τὸ ἐπάγγελμα αὐτοῦ προσδοκῶμεν, ἐν οἷς δικαιοσύνη κατοικεῖ.
Ingen orddata tilgjengelege
Legg til notat
Notat krev JavaScript.
14 Difor, mine kjære, medan de ventar på dette, så gjer dykkar beste for å bli funne utan flekk og lyte for hans åsyn, i fred. Grunntekst Referansar Emne Notat Manuskript Versjonar
Διό, ἀγαπητοί, ταῦτα προσδοκῶντες σπουδάσατε ἄσπιλοι καὶ ἀμώμητοι αὐτῷ εὑρεθῆναι ἐν εἰρήνῃ,
Ingen orddata tilgjengelege
Legg til notat
Notat krev JavaScript.
15 Og rekna tolmodet til Herren vår som frelse, slik som òg vår kjære bror Paulus har skrive til dykk etter den visdomen som er gjeven han. Grunntekst Referansar Emne Notat Manuskript Versjonar
καὶ τὴν τοῦ κυρίου ἡμῶν μακροθυμίαν σωτηρίαν ἡγεῖσθε, καθὼς καὶ ὁ ἀγαπητὸς ἡμῶν ἀδελφὸς Παῦλος κατὰ τὴν ⸂δοθεῖσαν αὐτῷ⸃ σοφίαν ἔγραψεν ὑμῖν,
Ingen orddata tilgjengelege
Legg til notat
Notat krev JavaScript.
16 Dette gjer han i alle breva sine når han talar om desse tinga. I breva er det somme ting som er vanskelege å forstå, som dei ulærde og ustøe vrengjer, slik dei òg gjer med dei andre skriftene, til si eiga fortaping. Grunntekst Referansar Emne Notat Manuskript
ὡς καὶ ἐν πάσαις ⸀ταῖς ἐπιστολαῖς λαλῶν ἐν αὐταῖς περὶ τούτων, ἐν ⸀αἷς ἐστιν δυσνόητά τινα, ἃ οἱ ἀμαθεῖς καὶ ἀστήρικτοι ⸀στρεβλοῦσιν ὡς καὶ τὰς λοιπὰς γραφὰς πρὸς τὴν ἰδίαν αὐτῶν ἀπώλειαν.
Ingen orddata tilgjengelege
Legg til notat
Notat krev JavaScript.
17 Men de, mine kjære, som no veit dette på førehand, ta dykk i vare så de ikkje blir rivne med av villfaringa til dei lovlause og fell frå dykkar eige faste grunn. Grunntekst Referansar Emne Notat Manuskript Versjonar
ὑμεῖς οὖν, ἀγαπητοί, προγινώσκοντες φυλάσσεσθε ἵνα μὴ τῇ τῶν ἀθέσμων πλάνῃ συναπαχθέντες ἐκπέσητε τοῦ ἰδίου στηριγμοῦ,
Ingen orddata tilgjengelege
Legg til notat
Notat krev JavaScript.
18 Men veks i nåden og kunnskapen om vår Herre og Frelsar Jesus Kristus. Han vere ære, både no og til ævedagen! Amen. Grunntekst Referansar Emne Notat Manuskript
αὐξάνετε δὲ ἐν χάριτι καὶ γνώσει τοῦ κυρίου ἡμῶν καὶ σωτῆρος Ἰησοῦ Χριστοῦ. αὐτῷ ἡ δόξα καὶ νῦν καὶ εἰς ἡμέραν αἰῶνος. ⸀ἀμήν.
Ingen orddata tilgjengelege
Legg til notat
Notat krev JavaScript.