JohannesKapittel 7

Etter dette gjekk Jesus omkring i Galilea. Han ville ikkje gå omkring i Judea, for jødane søkte å drepa han.
Då sa brørne hans til han: «Dra bort herifrå og gå til Judea, så læresveinane dine òg kan sjå dei gjerningane du gjer.
Verda kan ikkje hata dykk, men meg hatar ho, fordi eg vitnar om henne at gjerningane hennar er vonde.
Eg går enno ikkje opp til denne høgtida, for mi tid er enno ikkje fullenda.
Det gjekk mykje kviskring om han mellom folket. Somme sa: «Han er god.» Andre sa: «Nei, han fører folket vill.»
Korleis kan han ha kunnskap om skriftene utan å ha studert?
Om nokon vil gjera hans vilje, skal han kjenna om læra er frå Gud, eller om eg talar av meg sjølv.
Den som talar av seg sjølv, søkjer si eiga ære. Men den som søkjer æra åt han som sende han, han er sannferdig, og det finst ikkje urett i han.
Jesus svara og sa til dei: «Éi gjerning gjorde eg, og de undrar dykk alle.
Difor gav Moses dykk omskjeringa – ikkje at ho er frå Moses, men frå fedrane – og de omskjer ein mann på sabbaten.
Når ein mann kan omskjerast på sabbaten så ikkje Moselova skal brytast, er de då sinte på meg fordi eg gjorde eit heilt menneske friskt på sabbaten?
Då sa nokre av dei som budde i Jerusalem: «Er ikkje dette han dei søkjer å drepa?
Og sjå, han talar ope, og dei seier ikkje noko til han. Kan det vera at styresmennene verkeleg har erkjent at han er Messias?
Då ropa Jesus ut i tempelet medan han underviste: «De kjenner meg og veit kvar eg er ifrå! Og eg er ikkje komen av meg sjølv, men han som sende meg, er sannferdig, han som de ikkje kjenner.
Då søkte dei å gripa han, men ingen la hand på han, for timen hans var enno ikkje komen.
Men mange i folkemengda trudde på han og sa: «Når Messias kjem, vil han då gjera fleire teikn enn det denne har gjort?»
Farisearane høyrde at folket kviskra dette om han, og overprestane og farisearane sende ut tempeltenestfolk for å gripa han.
Då sa Jesus: «Enno ei lita stund er eg hjå dykk, så går eg til han som sende meg.
De skal leita etter meg og ikkje finna meg, og der eg er, kan ikkje de koma.»
Vil han kanskje gå til dei spreidde mellom grekarane, og undervisa grekarane?
Kva meiner han med det han sa: 'De skal leita etter meg og ikkje finna meg, og der eg er, kan ikkje de koma'?»
På den siste, den store dagen i høgtida, stod Jesus fram og ropa: «Om nokon tørstar, lat han koma til meg og drikka!
Den som trur på meg, frå hans indre skal det renna straumar av levande vatn, som Skrifta seier.»
Dette sa han om Anden, som dei som trudde på han, skulle få. For Anden var enno ikkje gjeven, sidan Jesus enno ikkje var herleggjord.
Då nokre i folkemengda høyrde desse orda, sa dei: «Dette er sanneleg Profeten.»
Andre sa: «Dette er Messias.» Men somme sa: «Kjem vel Messias frå Galilea?
Seier ikkje Skrifta at Messias kjem av Davids ætt og frå Betlehem, den landsbyen der David var?»
Nokre av dei ville gripa han, men ingen la hand på han.
Tempeltenestfolka kom då tilbake til overprestane og farisearane, som spurde dei: «Kvifor henta de han ikkje?»
Tenarane svara: «Aldri har eit menneske tala slik!»
Farisearane svara dei: «Er de òg førte vill?
Nikodemus, han som før hadde kome til Jesus, og som var ein av dei, sa til dei:
«Dømer vel lova vår eit menneske utan at ein først høyrer på han og får vita kva han har gjort?»
Dei svara han: «Er du òg frå Galilea? Gransk etter, så skal du sjå at det ikkje står fram nokon profet frå Galilea.»
Så gjekk kvar til sitt hus.