Marker Esekiel 36 som lesen? Ja Lukk
Marker utval som lese 1 Du menneske, tal profetord til fjella i Israel og sei: De fjell i Israel, høyr Herrens ord! Grunntekst Referansar Emne Notat Manuskript Versjonar
וְאַתָּ֣ה בֶן־אָדָ֔ם הִנָּבֵ֖א אֶל־הָרֵ֣י יִשְׂרָאֵ֑ל וְאָ֣מַרְתָּ֔ הָרֵי֙ יִשְׂרָאֵ֔ל שִׁמְע֖וּ דְּבַר־יְהוָֽה׃
Ingen orddata tilgjengelege
Legg til notat
Notat krev JavaScript.
2 Så seier Herren Gud: Fordi fienden har sagt om dykk: «Ha! Dei evige høgdene er no blitt vår eigedom!» Grunntekst Referansar Emne Notat Manuskript
כֹּ֤ה אָמַר֙ אֲדֹנָ֣י יְהוִ֔ה יַ֣עַן אָמַ֧ר הָאוֹיֵ֛ב עֲלֵיכֶ֖ם הֶאָ֑ח וּבָמ֣וֹת עוֹלָ֔ם לְמֽוֹרָשָׁ֖ה הָ֥יְתָה לָּֽנוּ׃
Ingen orddata tilgjengelege
Legg til notat
Notat krev JavaScript.
3 Difor skal du tala profetord og seia: Så seier Herren Gud: Fordi dei har lagt dykk øyde og jaga dykk frå alle kantar, så de vart eigedom for dei andre folka, og de kom på folkemunne og vart til sladder blant folk, Grunntekst Referansar Emne Notat Manuskript
לָכֵן֙ הִנָּבֵ֣א וְאָמַרְתָּ֔ כֹּ֥ה אָמַ֖ר אֲדֹנָ֣י יְהוִ֑ה יַ֣עַן בְּיַ֡עַן שַׁמּוֹת֩ וְשָׁאֹ֨ף אֶתְכֶ֜ם מִסָּבִ֗יב לִֽהְיוֹתְכֶ֤ם מֽוֹרָשָׁה֙ לִשְׁאֵרִ֣ית הַגּוֹיִ֔ם וַתֵּֽעֲל֛וּ עַל־שְׂפַ֥ת לָשׁ֖וֹן וְדִבַּת־עָֽם׃
Ingen orddata tilgjengelege
Legg til notat
Notat krev JavaScript.
4 difor, de fjell i Israel, høyr ordet frå Herren Gud! Så seier Herren Gud til fjella og haugane, til bekkefara og dalane, til dei aude ruinane og dei fråflytte byane, som er blitt til rov og til spott for dei andre folka rundt omkring: Grunntekst Referansar Emne Notat Manuskript
לָכֵן֙ הָרֵ֣י יִשְׂרָאֵ֔ל שִׁמְע֖וּ דְּבַר־אֲדֹנָ֣י יְהוִ֑ה כֹּֽה־אָמַ֣ר אֲדֹנָ֣י יְ֠הוִה לֶהָרִ֨ים וְלַגְּבָע֜וֹת לָאֲפִיקִ֣ים וְלַגֵּאָי֗וֹת וְלֶחֳרָב֤וֹת הַשֹּֽׁמְמוֹת֙ וְלֶעָרִ֣ים הַנֶּעֱזָב֔וֹת אֲשֶׁ֨ר הָי֤וּ לְבַז֙ וּלְלַ֔עַג לִשְׁאֵרִ֥ית הַגּוֹיִ֖ם אֲשֶׁ֥ר מִסָּבִֽיב׃ ס
Ingen orddata tilgjengelege
Legg til notat
Notat krev JavaScript.
5 Difor, så seier Herren Gud: Sanneleg, i brennande lidenskap har eg tala mot dei andre folka og mot heile Edom, som med hjartans glede og djup forakt har gjort landet mitt til sin eigedom for å driva folk ut og plyndra det. Grunntekst Referansar Emne Notat Manuskript Versjonar
לָכֵ֗ן כֹּֽה־אָמַר֮ אֲדֹנָ֣י יְהוִה֒ אִם־לֹ֠א בְּאֵ֨שׁ קִנְאָתִ֥י דִבַּ֛רְתִּי עַל־שְׁאֵרִ֥ית הַגּוֹיִ֖ם וְעַל־אֱד֣וֹם כֻּלָּ֑א אֲשֶׁ֣ר נָתְנֽוּ־אֶת־אַרְצִ֣י ׀ לָ֠הֶם לְמ֨וֹרָשָׁ֜ה בְּשִׂמְחַ֤ת כָּל־לֵבָב֙ בִּשְׁאָ֣ט נֶ֔פֶשׁ לְמַ֥עַן מִגְרָשָׁ֖הּ לָבַֽז׃
Ingen orddata tilgjengelege
Legg til notat
Notat krev JavaScript.
6 Difor skal du tala profetord over Israels land og seia til fjella og haugane, til bekkefara og dalane: Så seier Herren Gud: Sjå, i lidenskap og harme har eg tala, fordi de har bore vanæra frå folka. Grunntekst Referansar Emne Notat Manuskript
לָכֵ֕ן הִנָּבֵ֖א עַל־אַדְמַ֣ת יִשְׂרָאֵ֑ל וְאָמַרְתָּ֡ לֶהָרִ֣ים וְ֠לַגְּבָעוֹת לָאֲפִיקִ֨ים וְלַגֵּאָי֜וֹת כֹּֽה־אָמַ֣ר ׀ אֲדֹנָ֣י יְהוִ֗ה הִנְנִ֨י בְקִנְאָתִ֤י וּבַחֲמָתִי֙ דִּבַּ֔רְתִּי יַ֛עַן כְּלִמַּ֥ת גּוֹיִ֖ם נְשָׂאתֶֽם׃
Ingen orddata tilgjengelege
Legg til notat
Notat krev JavaScript.
7 Difor, så seier Herren Gud: Eg lyfter handa mi og sver: Sanneleg, folka rundt omkring dykk skal sjølve bera si vanære. Grunntekst Referansar Emne Notat Manuskript
לָכֵ֗ן כֹּ֤ה אָמַר֙ אֲדֹנָ֣י יְהוִ֔ה אֲנִ֖י נָשָׂ֣אתִי אֶת־יָדִ֑י אִם־לֹ֤א הַגּוֹיִם֙ אֲשֶׁ֣ר לָכֶ֣ם מִסָּבִ֔יב הֵ֖מָּה כְּלִמָּתָ֥ם יִשָּֽׂאוּ׃
Ingen orddata tilgjengelege
Legg til notat
Notat krev JavaScript.
8 Men de, Israels fjell, skal setja greiner og bera frukt for folket mitt Israel, for snart kjem dei heim. Grunntekst Referansar Emne Notat Manuskript
וְאַתֶּ֞ם הָרֵ֤י יִשְׂרָאֵל֙ עַנְפְּכֶ֣ם תִּתֵּ֔נוּ וּפֶרְיְכֶ֥ם תִּשְׂא֖וּ לְעַמִּ֣י יִשְׂרָאֵ֑ל כִּ֥י קֵרְב֖וּ לָבֽוֹא׃
Ingen orddata tilgjengelege
Legg til notat
Notat krev JavaScript.
9 For sjå, eg kjem til dykk og vender meg til dykk, og de skal dyrkast og såast til. Grunntekst Referansar Emne Notat Manuskript
כִּ֖י הִנְנִ֣י אֲלֵיכֶ֑ם וּפָנִ֣יתִי אֲלֵיכֶ֔ם וְנֶעֱבַדְתֶּ֖ם וְנִזְרַעְתֶּֽם׃
Ingen orddata tilgjengelege
Legg til notat
Notat krev JavaScript.
10 Eg vil gjera folket talrikt hos dykk, heile Israels hus. Byane skal få folk att, og ruinane skal byggjast opp. Grunntekst Referansar Emne Notat Manuskript
וְהִרְבֵּיתִ֤י עֲלֵיכֶם֙ אָדָ֔ם כָּל־בֵּ֥ית יִשְׂרָאֵ֖ל כֻּלֹּ֑ה וְנֹֽשְׁבוּ֙ הֶֽעָרִ֔ים וְהֶחֳרָב֖וֹת תִּבָּנֶֽינָה׃
Ingen orddata tilgjengelege
Legg til notat
Notat krev JavaScript.
11 Eg vil gjera menneske og dyr talrike hos dykk. Dei skal auka og vera fruktbare. Eg vil la dykk bu der som i tidlegare tider og gjera meir vel mot dykk enn før. Då skal de kjenna at eg er Herren. Grunntekst Referansar Emne Notat Manuskript
וְהִרְבֵּיתִ֧י עֲלֵיכֶ֛ם אָדָ֥ם וּבְהֵמָ֖ה וְרָב֣וּ וּפָר֑וּ וְהוֹשַׁבְתִּ֨י אֶתְכֶ֜ם כְּקַדְמֽוֹתֵיכֶ֗ם וְהֵטִֽבֹתִי֙ מֵרִאשֹׁ֣תֵיכֶ֔ם וִֽידַעְתֶּ֖ם כִּֽי־אֲנִ֥י יְהוָֽה׃
Ingen orddata tilgjengelege
Legg til notat
Notat krev JavaScript.
12 Eg vil la menneske ferdast over dykk, folket mitt Israel. Dei skal ta dykk i eige, og de skal vera deira arv. Aldri meir skal de ta borna frå dei. Grunntekst Referansar Emne Notat Manuskript
וְהוֹלַכְתִּי֩ עֲלֵיכֶ֨ם אָדָ֜ם אֶת־עַמִּ֤י יִשְׂרָאֵל֙ וִֽירֵשׁ֔וּךָ וְהָיִ֥יתָ לָהֶ֖ם לְנַחֲלָ֑ה וְלֹא־תוֹסִ֥ף ע֖וֹד לְשַׁכְּלָֽם׃ ס
Ingen orddata tilgjengelege
Legg til notat
Notat krev JavaScript.
13 Så seier Herren Gud: Fordi dei seier til dykk: «Du et opp menneske og gjer folket ditt barnlaust», Grunntekst Referansar Emne Notat Manuskript
כֹּ֤ה אָמַר֙ אֲדֹנָ֣י יְהוִ֔ה יַ֚עַן אֹמְרִ֣ים לָכֶ֔ם אֹכֶ֥לֶת אָדָ֖ם *אתי **אָ֑תְּ וּמְשַׁכֶּ֥לֶת *גויך **גּוֹיַ֖יִךְ הָיִֽית׃
Ingen orddata tilgjengelege
Legg til notat
Notat krev JavaScript.
14 difor skal du ikkje lenger eta menneske og ikkje lenger gjera folket ditt barnlaust, seier Herren Gud. Grunntekst Referansar Emne Notat Manuskript
לָכֵ֗ן אָדָם֙ לֹא־תֹ֣אכְלִי ע֔וֹד *וגויך **וְגוֹיַ֖יִךְ לֹ֣א *תכשלי־**תְשַׁכְּלִי־ע֑וֹד נְאֻ֖ם אֲדֹנָ֥י יְהוִֽה׃
Ingen orddata tilgjengelege
Legg til notat
Notat krev JavaScript.
15 Eg vil ikkje lenger la deg høyra hån frå folkeslaga, og du skal ikkje lenger bera spott frå folka. Du skal ikkje lenger få folket ditt til å snubla, seier Herren Gud. Grunntekst Referansar Emne Notat Manuskript
וְלֹא־אַשְׁמִ֨יעַ אֵלַ֤יִךְ עוֹד֙ כְּלִמַּ֣ת הַגּוֹיִ֔ם וְחֶרְפַּ֥ת עַמִּ֖ים לֹ֣א תִשְׂאִי־ע֑וֹד *וגויך **וְגוֹיַ֙יִךְ֙ לֹא־תַכְשִׁ֣לִי ע֔וֹד נְאֻ֖ם אֲדֹנָ֥י יְהוִֽה׃ ס
Ingen orddata tilgjengelege
Legg til notat
Notat krev JavaScript.
16 Herrens ord kom til meg: Grunntekst Referansar Emne Notat Manuskript
וַיְהִ֥י דְבַר־יְהוָ֖ה אֵלַ֥י לֵאמֹֽר׃
Ingen orddata tilgjengelege
Legg til notat
Notat krev JavaScript.
17 Menneske! Då Israels hus budde i landet sitt, gjorde dei det ureint med si ferd og sine gjerningar. Ferda deira var for meg som ureinleiken til ei kvinne i hennar tid. Grunntekst Referansar Emne Notat Manuskript Versjonar
בֶּן־אָדָ֗ם בֵּ֤ית יִשְׂרָאֵל֙ יֹשְׁבִ֣ים עַל־אַדְמָתָ֔ם וַיְטַמְּא֣וּ אוֹתָ֔הּ בְּדַרְכָּ֖ם וּבַעֲלִֽילוֹתָ֑ם כְּטֻמְאַת֙ הַנִּדָּ֔ה הָיְתָ֥ה דַרְכָּ֖ם לְפָנָֽי׃
Ingen orddata tilgjengelege
Legg til notat
Notat krev JavaScript.
18 Då auste eg vreiden min ut over dei på grunn av blodet dei hadde aust ut over landet, og fordi dei hadde gjort det ureint med avgudane sine. Grunntekst Referansar Emne Notat Manuskript
וָאֶשְׁפֹּ֤ךְ חֲמָתִי֙ עֲלֵיהֶ֔ם עַל־הַדָּ֖ם אֲשֶׁר־שָׁפְכ֣וּ עַל־הָאָ֑רֶץ וּבְגִלּוּלֵיהֶ֖ם טִמְּאֽוּהָ׃
Ingen orddata tilgjengelege
Legg til notat
Notat krev JavaScript.
19 Eg spreidde dei blant folkeslaga, og dei vart strødde ut i landa. Etter deira ferd og gjerningar dømde eg dei. Grunntekst Referansar Emne Notat Manuskript
וָאָפִ֤יץ אֹתָם֙ בַּגּוֹיִ֔ם וַיִּזָּר֖וּ בָּאֲרָצ֑וֹת כְּדַרְכָּ֥ם וְכַעֲלִילוֹתָ֖ם שְׁפַטְתִּֽים׃
Ingen orddata tilgjengelege
Legg til notat
Notat krev JavaScript.
20 Men då dei kom til dei folkeslaga dei kom til, vanhelga dei mitt heilage namn. For det vart sagt om dei: «Dette er Herrens folk, og likevel måtte dei fara ut av landet hans.» Grunntekst Referansar Emne Notat Manuskript
וַיָּב֗וֹא אֶל־הַגּוֹיִם֙ אֲשֶׁר־בָּ֣אוּ שָׁ֔ם וַֽיְחַלְּל֖וּ אֶת־שֵׁ֣ם קָדְשִׁ֑י בֶּאֱמֹ֤ר לָהֶם֙ עַם־יְהוָ֣ה אֵ֔לֶּה וּמֵאַרְצ֖וֹ יָצָֽאוּ׃
Ingen orddata tilgjengelege
Legg til notat
Notat krev JavaScript.
21 Då hadde eg omsut for mitt heilage namn, som Israels hus hadde vanhelga blant dei folkeslaga dei kom til. Grunntekst Referansar Emne Notat Manuskript Versjonar
וָאֶחְמֹ֖ל עַל־שֵׁ֣ם קָדְשִׁ֑י אֲשֶׁ֤ר חִלְּל֙וּהוּ֙ בֵּ֣ית יִשְׂרָאֵ֔ל בַּגּוֹיִ֖ם אֲשֶׁר־בָּ֥אוּ שָֽׁמָּה׃ ס
Ingen orddata tilgjengelege
Legg til notat
Notat krev JavaScript.
22 Sei difor til Israels hus: Så seier Herren Gud: Det er ikkje for dykkar skuld eg gjer dette, Israels hus, men for mitt heilage namn, som de har vanhelga blant dei folkeslaga de kom til. Grunntekst Referansar Emne Notat Manuskript
לָכֵ֞ן אֱמֹ֣ר לְבֵֽית־יִשְׂרָאֵ֗ל כֹּ֤ה אָמַר֙ אֲדֹנָ֣י יְהוִ֔ה לֹ֧א לְמַעַנְכֶ֛ם אֲנִ֥י עֹשֶׂ֖ה בֵּ֣ית יִשְׂרָאֵ֑ל כִּ֤י אִם־לְשֵׁם־קָדְשִׁי֙ אֲשֶׁ֣ר חִלַּלְתֶּ֔ם בַּגּוֹיִ֖ם אֲשֶׁר־בָּ֥אתֶם שָֽׁם׃
Ingen orddata tilgjengelege
Legg til notat
Notat krev JavaScript.
23 Eg vil helga mitt store namn, som er vanhelga blant folkeslaga, det som de har vanhelga midt iblant dei. Då skal folkeslaga kjenna at eg er Herren, seier Herren Gud, når eg viser meg heilag gjennom dykk framfor auga deira. Grunntekst Referansar Emne Notat Manuskript
וְקִדַּשְׁתִּ֞י אֶת־שְׁמִ֣י הַגָּד֗וֹל הַֽמְחֻלָּל֙ בַּגּוֹיִ֔ם אֲשֶׁ֥ר חִלַּלְתֶּ֖ם בְּתוֹכָ֑ם וְיָדְע֨וּ הַגּוֹיִ֜ם כִּי־אֲנִ֣י יְהוָ֗ה נְאֻם֙ אֲדֹנָ֣י יְהוִ֔ה בְּהִקָּדְשִׁ֥י בָכֶ֖ם לְעֵינֵיהֶֽם׃
Ingen orddata tilgjengelege
Legg til notat
Notat krev JavaScript.
24 Eg vil henta dykk frå folkeslaga og samla dykk frå alle landa og føra dykk til landet dykkar. Grunntekst Referansar Emne Notat Manuskript
וְלָקַחְתִּ֤י אֶתְכֶם֙ מִן־הַגּוֹיִ֔ם וְקִבַּצְתִּ֥י אֶתְכֶ֖ם מִכָּל־הָאֲרָצ֑וֹת וְהֵבֵאתִ֥י אֶתְכֶ֖ם אֶל־אַדְמַתְכֶֽם׃
Ingen orddata tilgjengelege
Legg til notat
Notat krev JavaScript.
25 Eg vil skvetta reint vatn på dykk, så de blir reine. Frå all ureinleiken dykkar og frå alle avgudane dykkar vil eg reinsa dykk. Grunntekst Referansar Emne Notat Manuskript
וְזָרַקְתִּ֧י עֲלֵיכֶ֛ם מַ֥יִם טְהוֹרִ֖ים וּטְהַרְתֶּ֑ם מִכֹּ֧ל טֻמְאוֹתֵיכֶ֛ם וּמִכָּל־גִּלּ֥וּלֵיכֶ֖ם אֲטַהֵ֥ר אֶתְכֶֽם׃
Ingen orddata tilgjengelege
Legg til notat
Notat krev JavaScript.
26 Eg vil gje dykk eit nytt hjarte og la ein ny ande koma inn i dykk. Eg vil ta steinhjartet ut or kroppen dykkar og gje dykk eit hjarte av kjøt og blod. Grunntekst Referansar Emne Notat Manuskript Versjonar
וְנָתַתִּ֤י לָכֶם֙ לֵ֣ב חָדָ֔שׁ וְר֥וּחַ חֲדָשָׁ֖ה אֶתֵּ֣ן בְּקִרְבְּכֶ֑ם וַהֲסִ֨רֹתִ֜י אֶת־לֵ֤ב הָאֶ֙בֶן֙ מִבְּשַׂרְכֶ֔ם וְנָתַתִּ֥י לָכֶ֖ם לֵ֥ב בָּשָֽׂר׃
Ingen orddata tilgjengelege
Legg til notat
Notat krev JavaScript.
27 Eg vil la min Ande koma inn i dykk og gjera det slik at de følgjer forskriftene mine og tek vare på lovene mine og lever etter dei. Grunntekst Referansar Emne Notat Manuskript
וְאֶת־רוּחִ֖י אֶתֵּ֣ן בְּקִרְבְּכֶ֑ם וְעָשִׂ֗יתִי אֵ֤ת אֲשֶׁר־בְּחֻקַּי֙ תֵּלֵ֔כוּ וּמִשְׁפָּטַ֥י תִּשְׁמְר֖וּ וַעֲשִׂיתֶֽם׃
Ingen orddata tilgjengelege
Legg til notat
Notat krev JavaScript.
28 De skal bu i det landet eg gav fedrane dykkar. De skal vera mitt folk, og eg vil vera dykkar Gud. Grunntekst Referansar Emne Notat Manuskript
וִישַׁבְתֶּ֣ם בָּאָ֔רֶץ אֲשֶׁ֥ר נָתַ֖תִּי לַאֲבֹֽתֵיכֶ֑ם וִהְיִ֤יתֶם לִי֙ לְעָ֔ם וְאָ֣נֹכִ֔י אֶהְיֶ֥ה לָכֶ֖ם לֵאלֹהִֽים׃
Ingen orddata tilgjengelege
Legg til notat
Notat krev JavaScript.
29 Eg vil frelsa dykk frå all ureinleiken dykkar. Eg vil kalla på kornet og la det bli rikt, og eg vil ikkje senda svolt over dykk. Grunntekst Referansar Emne Notat Manuskript
וְהוֹשַׁעְתִּ֣י אֶתְכֶ֔ם מִכֹּ֖ל טֻמְאֽוֹתֵיכֶ֑ם וְקָרָ֤אתִי אֶל־הַדָּגָן֙ וְהִרְבֵּיתִ֣י אֹת֔וֹ וְלֹא־אֶתֵּ֥ן עֲלֵיכֶ֖ם רָעָֽב׃
Ingen orddata tilgjengelege
Legg til notat
Notat krev JavaScript.
30 Eg vil auka frukta på trea og grøda på marka, så de aldri meir skal lida vanære for svolt blant folkeslaga. Grunntekst Referansar Emne Notat Manuskript
וְהִרְבֵּיתִי֙ אֶת־פְּרִ֣י הָעֵ֔ץ וּתְנוּבַ֖ת הַשָּׂדֶ֑ה לְמַ֗עַן אֲ֠שֶׁר לֹ֣א תִקְח֥וּ ע֛וֹד חֶרְפַּ֥ת רָעָ֖ב בַּגּוֹיִֽם׃
Ingen orddata tilgjengelege
Legg til notat
Notat krev JavaScript.
31 Då skal de hugsa dei vonde vegane dykkar og dei gjerningane som ikkje var gode. De skal kjenna avsky for dykk sjølve på grunn av misgjerningane og styggedommane dykkar. Grunntekst Referansar Emne Notat Manuskript
וּזְכַרְתֶּם֙ אֶת־דַּרְכֵיכֶ֣ם הָרָעִ֔ים וּמַעַלְלֵיכֶ֖ם אֲשֶׁ֣ר לֹֽא־טוֹבִ֑ים וּנְקֹֽטֹתֶם֙ בִּפְנֵיכֶ֔ם עַ֚ל עֲוֺנֹ֣תֵיכֶ֔ם וְעַ֖ל תּוֹעֲבֽוֹתֵיכֶֽם׃
Ingen orddata tilgjengelege
Legg til notat
Notat krev JavaScript.
32 Det er ikkje for dykkar skuld eg gjer dette, seier Herren Gud. Det skal de vita! Skam dykk og bli audmjuka over vegane dykkar, Israels hus! Grunntekst Referansar Emne Notat Manuskript Versjonar
לֹ֧א לְמַעַנְכֶ֣ם אֲנִֽי־עֹשֶׂ֗ה נְאֻם֙ אֲדֹנָ֣י יְהוִ֔ה יִוָּדַ֖ע לָכֶ֑ם בּ֧וֹשׁוּ וְהִכָּלְמ֛וּ מִדַּרְכֵיכֶ֖ם בֵּ֥ית יִשְׂרָאֵֽל׃ ס
Ingen orddata tilgjengelege
Legg til notat
Notat krev JavaScript.
33 Så seier Herren Gud: Den dagen eg reinsar dykk frå alle misgjerningane dykkar, vil eg la byane få folk att, og ruinane skal byggjast opp. Grunntekst Referansar Emne Notat Manuskript
כֹּ֤ה אָמַר֙ אֲדֹנָ֣י יְהוִ֔ה בְּיוֹם֙ טַהֲרִ֣י אֶתְכֶ֔ם מִכֹּ֖ל עֲוֺנֽוֹתֵיכֶ֑ם וְהֽוֹשַׁבְתִּי֙ אֶת־הֶ֣עָרִ֔ים וְנִבְנ֖וּ הֶחֳרָבֽוֹת׃
Ingen orddata tilgjengelege
Legg til notat
Notat krev JavaScript.
34 Det øydelagde landet skal dyrkast, i staden for å liggja audt framfor auga på alle som fer forbi. Grunntekst Referansar Emne Notat Manuskript
וְהָאָ֥רֶץ הַנְּשַׁמָּ֖ה תֵּֽעָבֵ֑ד תַּ֚חַת אֲשֶׁ֣ר הָיְתָ֣ה שְׁמָמָ֔ה לְעֵינֵ֖י כָּל־עוֹבֵֽר׃
Ingen orddata tilgjengelege
Legg til notat
Notat krev JavaScript.
35 Då skal dei seia: «Dette landet som låg i øyde, er blitt som Edens hage. Byane som var i ruinar, øydelagde og nedrivne, er no folkesette og har festningsmurar.» Grunntekst Referansar Emne Notat Manuskript
וְאָמְר֗וּ הָאָ֤רֶץ הַלֵּ֙זוּ֙ הַנְּשַׁמָּ֔ה הָיְתָ֖ה כְּגַן־עֵ֑דֶן וְהֶעָרִ֧ים הֶחֳרֵב֛וֹת וְהַֽנְשַׁמּ֥וֹת וְהַנֶּהֱרָס֖וֹת בְּצוּר֥וֹת יָשָֽׁבוּ׃
Ingen orddata tilgjengelege
Legg til notat
Notat krev JavaScript.
36 Då skal folkeslaga som er att rundt omkring dykk, kjenna at eg, Herren, har bygt opp att det som var rive ned, og planta det som var øydelagt. Eg, Herren, har tala, og eg skal gjera det. Grunntekst Referansar Emne Notat Manuskript
וְיָדְע֣וּ הַגּוֹיִ֗ם אֲשֶׁ֣ר יִֽשָּׁאֲרוּ֮ סְבִיבוֹתֵיכֶם֒ כִּ֣י ׀ אֲנִ֣י יְהוָ֗ה בָּנִ֙יתִי֙ הַנֶּ֣הֱרָס֔וֹת נָטַ֖עְתִּי הַנְּשַׁמָּ֑ה אֲנִ֥י יְהוָ֖ה דִּבַּ֥רְתִּי וְעָשִֽׂיתִי׃ ס
Ingen orddata tilgjengelege
Legg til notat
Notat krev JavaScript.
37 Så seier Herren Gud: Også dette vil eg la Israels hus be meg om å gjera for dei: Eg vil gjera dei talrike som ein saueflokk. Grunntekst Referansar Emne Notat Manuskript
כֹּ֤ה אָמַר֙ אֲדֹנָ֣י יְהוִ֔ה ע֗וֹד זֹ֛את אִדָּרֵ֥שׁ לְבֵֽית־יִשְׂרָאֵ֖ל לַעֲשׂ֣וֹת לָהֶ֑ם אַרְבֶּ֥ה אֹתָ֛ם כַּצֹּ֖אן אָדָֽם׃
Ingen orddata tilgjengelege
Legg til notat
Notat krev JavaScript.
38 Som dei heilage flokkane, som saueflokkane i Jerusalem på høgtidene, slik skal dei øydelagde byane vera fulle av menneskeflokkar. Då skal dei kjenna at eg er Herren. Grunntekst Referansar Emne Notat Manuskript
כְּצֹ֣אן קָֽדָשִׁ֗ים כְּצֹ֤אן יְרוּשָׁלִַ֙ם֙ בְּמ֣וֹעֲדֶ֔יהָ כֵּ֤ן תִּהְיֶ֙ינָה֙ הֶעָרִ֣ים הֶחֳרֵב֔וֹת מְלֵא֖וֹת צֹ֣אן אָדָ֑ם וְיָדְע֖וּ כִּֽי־אֲנִ֥י יְהוָֽה׃ ס
Ingen orddata tilgjengelege
Legg til notat
Notat krev JavaScript.