4. MosebokKapittel 12

Mirjam og Aron tala mot Moses på grunn av den kusjittiske kvinna han hadde gift seg med, for han hadde teke ei kusjittisk kvinne til kone.
Dei sa: «Har Herren berre tala gjennom Moses? Har han ikkje òg tala gjennom oss?» Og Herren høyrde det.
Men Moses var ein svært audmjuk mann, meir audmjuk enn noko anna menneske på jorda.
Brått sa Herren til Moses, Aron og Mirjam: «Gå ut alle tre til møteteltet!» Og dei tre gjekk ut.
Då steig Herren ned i skystøtta og stilte seg ved inngangen til teltet. Han kalla på Aron og Mirjam, og dei kom begge fram.
Han sa: «Høyr no orda mine! Om det finst ein profet mellom dykk, gjer eg, Herren, meg kjend for han i syner og talar til han i draumar.
Munn mot munn talar eg med han, ope og ikkje i gåter. Han får sjå Herrens skapnad. Kvifor var de då ikkje redde for å tala mot tenaren min, mot Moses?»
Då skya drog seg bort frå teltet, sjå, då var Mirjam råka av hudsykdom, kvit som snø. Aron snudde seg mot Mirjam og såg at ho var sjuk.
Lat henne ikkje verta som eit daudfødd barn, der halvparten av kjøtet alt er fortært når det kjem ut av mors liv!»
Herren svara Moses: «Om faren hennar hadde spytta henne i andletet, ville ho ikkje då måtta bera skamma i sju dagar? Ho skal stengjast ute frå leiren i sju dagar, og etterpå kan ho takast inn att.»
Så vart Mirjam stengd ute frå leiren i sju dagar, og folket braut ikkje opp før Mirjam var teken inn att.