1. KrønikebokKapittel 8

Benjamin fekk sønene Bela, den førstefødde, Asjbel, den andre, og Akrakh, den tredje.
Noa var den fjerde og Rafa den femte.
Sønene til Bela var Addar, Gera og Abihud,
Abisjua, Naaman og Ahoah,
Gera, Sjefufan og Huram.
Dette var sønene til Ehud. Dei var familieoverhovud for dei som budde i Geba, og dei vart førte bort til Manahat:
Naaman, Ahia og Gera. Han førte dei bort og fekk sønene Ussa og Ahihud.
Sjaharajim fekk born på Moab-sletta etter at han hadde sendt frå seg konene sine Husjim og Baara.
Med kona si Hodesj fekk han Jobab, Sibja, Mesja og Malkam,
Jeús, Sakja og Mirma. Dette var sønene hans, familieoverhovud.
Med Husjim fekk han Abitub og Elpaal.
Sønene til Elpaal var Eber, Misjam og Sjemed. Han bygde Ono og Lod med landsbyane ikring.
Beria og Sjema var familieoverhovud for dei som budde i Ajjalon. Dei dreiv bort innbyggjarane i Gat.
Ahjo, Sjasjak og Jeremot,
Sebadja, Arad og Eder,
Mikael, Jisjpa og Joka var sønene til Beria.
Sebadja, Mesjullam, Hizki og Heber,
Jisjmerai, Jizlia og Jobab var sønene til Elpaal.
Jakim, Sikri og Sabdi,
Elienai, Silletai og Eliel,
Adaja, Beraja og Sjimrat var sønene til Sjimi.
Jisjpan, Eber og Eliel,
Abdon, Sikri og Hanan,
Hananja, Elam og Antotija,
Jifdeja og Penuel var sønene til Sjasjak.
Sjamsjrai, Sjekarja og Atalja,
Jaaresja, Elia og Sikri var sønene til Jeroham.
Desse var familieoverhovud, leiarar etter ættene sine. Dei budde i Jerusalem.
I Gibeon budde faren til Gibeon, og kona hans heitte Maaka.
Den førstefødde sonen hans var Abdon, så Sur, Kisj, Baal og Nadab,
Gedor, Ahjo og Saker.
Miklot fekk Sjima. Også dei budde saman med brørne sine i Jerusalem, rett overfor dei.
Ner fekk Kisj, og Kisj fekk Saul. Saul fekk Jonatan, Malki-Sjua, Abinadab og Esjbaal.
Son til Jonatan var Merib-Baal, og Merib-Baal fekk Mika.
Sønene til Mika var Piton, Melek, Tarea og Akas.
Akas fekk Jehoadda, og Jehoadda fekk Alemet, Asmavet og Simri. Simri fekk Mosa.
Mosa fekk Bina. Son hans var Rafa, son hans var Elasa, son hans var Asel.
Asel hadde seks søner, og dette er namna deira: Asrikam, Bokeru, Ismael, Sjearja, Obadja og Hanan. Alle desse var sønene til Asel.
Sønene til Esek, bror hans, var Ulam, den førstefødde, Jeusj, den andre, og Elifelet, den tredje.
Sønene til Ulam var dyktige krigarar som spente boge. Dei hadde mange søner og sonesøner, hundre og femti. Alle desse var av Benjamins ætt.