JosvaKapittel 21

Overhovuda for levittætene kom fram for presten Elasar, for Josva, son til Nun, og for overhovuda for stammane til Israels born.
Dei tala til dei i Sjilo i Kanaan-landet og sa: «Herren baud gjennom Moses at de skulle gje oss byar å bu i, og beitemarkene rundt dei til buskapen vår.»
Så gav Israels born levittane desse byane med beitemarkene deira av sin eigen arvedel, etter Herrens ord.
Loddet fall på kehatitt-ættene. Etterkomarane av presten Aron, som var av levittane, fekk ved loddkasting tretten byar frå Juda stamme, Simeon stamme og Benjamin stamme.
Dei andre etterkomarane av Kehat fekk ved loddkasting ti byar frå ættene til Efraim stamme, Dan stamme og den eine halvdelen av Manasse stamme.
Etterkomarane av Gersjon fekk ved loddkasting tretten byar frå ættene til Jissakar stamme, Asjer stamme, Naftali stamme og den halvdelen av Manasse stamme som budde i Basan.
Etterkomarane av Merari fekk etter ættene sine tolv byar frå Ruben stamme, Gad stamme og Sebulon stamme.
Israels born gav levittane desse byane med beitemarkene deira ved loddkasting, slik Herren hadde bode gjennom Moses.
Frå Juda stamme og Simeon stamme gav dei desse byane som no blir nemnde med namn:
Etterkomarane av Aron, av kehatitt-ættene blant levittane, fekk desse først, for loddet fall på dei.
Dei gav dei Kirjat-Arba – det er Hebron – i fjellandet i Juda, med beitemarkene rundt byen. Arba var far til Anak.
Men åkrane og landsbyane som høyrde til byen, hadde dei gjeve til Kaleb, son til Jefunne, som hans eigedom.
Til etterkomarane av presten Aron gav dei Hebron, som var tilfluktsstad for drapsmenn, med beitemarkene der, og Libna med beitemarkene der,
Jattir med beitemarkene der, Esjtemoa med beitemarkene der,
Holon med beitemarkene der, Debir med beitemarkene der,
Ajin med beitemarkene der, Jutta med beitemarkene der og Bet-Sjemesj med beitemarkene der – ni byar frå desse to stammane.
Frå Benjamin stamme gav dei Gibeon med beitemarkene der, Geba med beitemarkene der,
Anatot med beitemarkene der og Almon med beitemarkene der – fire byar.
Til saman fekk prestane, etterkomarane av Aron, tretten byar med beitemarkene deira.
Dei andre kehatitt-ættene blant levittane fekk byar ved loddkasting frå Efraim stamme.
Dei gav dei Sikem, som var tilfluktsstad for drapsmenn, med beitemarkene der i fjellandet i Efraim, og Geser med beitemarkene der,
Kibsajim med beitemarkene der og Bet-Horon med beitemarkene der – fire byar.
Frå Dan stamme gav dei Elteke med beitemarkene der, Gibbeton med beitemarkene der,
Ajjalon med beitemarkene der og Gat-Rimmon med beitemarkene der – fire byar.
Frå den eine halvdelen av Manasse stamme gav dei Taanak med beitemarkene der og Gat-Rimmon med beitemarkene der – to byar.
Gersjon-ættene blant levittane fekk frå den eine halvdelen av Manasse stamme Golan i Basan, som var tilfluktsstad for drapsmenn, med beitemarkene der, og Beestera med beitemarkene der – to byar.
Frå Jissakar stamme fekk dei Kisjon med beitemarkene der, Daberat med beitemarkene der,
Jarmut med beitemarkene der og En-Gannim med beitemarkene der – fire byar.
Frå Asjer stamme fekk dei Misjal med beitemarkene der, Abdon med beitemarkene der,
Helkat med beitemarkene der og Rehob med beitemarkene der – fire byar.
Frå Naftali stamme fekk dei Kedesj i Galilea, som var tilfluktsstad for drapsmenn, med beitemarkene der, Hammot-Dor med beitemarkene der og Kartan med beitemarkene der – tre byar.
Dei andre levitt-ættene, meraritt-ættene, fekk frå Sebulon stamme Jokneam med beitemarkene der, Karta med beitemarkene der,
Dimna med beitemarkene der og Nahalal med beitemarkene der – fire byar.
Frå Ruben stamme fekk dei Beser med beitemarkene der, Jahsa med beitemarkene der,
Kedemot med beitemarkene der og Mefaat med beitemarkene der – fire byar.
Frå Gad stamme fekk dei Ramot i Gilead, som var tilfluktsstad for drapsmenn, med beitemarkene der, Mahanaim med beitemarkene der,
Til saman fekk meraritt-ættene, dei attverande av levitt-ættene, tolv byar ved loddkasting.
Levittane hadde i alt førtåtte byar med beitemarkene deira midt i eigedomen til Israels born.
Kvar av desse byane hadde beitemarkene sine rundt seg. Slik var det med alle desse byane.
Slik gav Herren Israel heile det landet han med eid hadde lova å gje fedrane deira. Dei tok det i eige og busette seg der.
Og Herren gav dei fred på alle kantar, slik han med eid hadde lova fedrane deira. Ingen av fiendane deira kunne stå seg mot dei. Herren gav alle fiendane deira i hendene deira.
Ikkje eitt ord svikta av alt det gode Herren hadde lova Israels hus. Alt gjekk i oppfylling.