1. SamuelKapittel 5

Filisterne hadde tatt Guds ark og førte den fra Eben-Eser til Asjdod.
Filistrane tok Guds ark og førte han frå Eben-Eser til Asjdod.
Filisterne tok Guds ark og brakte den inn i Dagons tempel, og de stilte den opp ved siden av Dagon.
Filistrane tok Guds ark og førte han inn i Dagon-tempelet og sette han opp ved sida av Dagon.
Da folket i Asjdod sto tidlig opp neste morgen, lå Dagon med ansiktet mot jorden foran Herrens ark. De tok Dagon og satte ham tilbake på sin plass.
Då asjdodittane stod tidleg opp dagen etter, låg Dagon med andletet mot jorda framfor Herrens ark. Dei tok Dagon og sette han tilbake på plassen sin.
Men da de sto tidlig opp morgenen etter, lå Dagon igjen med ansiktet mot jorden foran Herrens ark. Hodet og begge håndflatene var hugget av og lå på terskelen. Bare overkroppen var igjen av ham.
Men då dei stod tidleg opp morgonen etter, låg Dagon igjen med andletet mot jorda framfor Herrens ark. Hovudet til Dagon og begge handflotene hans var avhogne og låg på dørstokken. Berre kroppen var att av han.
Derfor tråkker verken Dagons prester eller noen som går inn i Dagons tempel, på Dagons terskel i Asjdod den dag i dag.
Difor stig ikkje prestane til Dagon eller nokon som går inn i Dagon-tempelet, på dørstokken til Dagon i Asjdod, heilt til denne dag.
Herrens hånd lå tungt på folket i Asjdod. Han herjet blant dem og slo dem med byller, både i Asjdod og områdene omkring.
Herrens hand låg tungt på asjdodittane. Han øydelagde dei og slo dei med byller, både i Asjdod og i områda ikring.
Da mennene i Asjdod så hvordan det sto til, sa de: «Israels Guds ark kan ikke bli hos oss, for hans hånd ligger tungt på oss og på vår gud Dagon.»
Då mennene i Asjdod såg korleis det var, sa dei: «Arken til Israels Gud kan ikkje bli verande hos oss, for handa hans ligg tungt på oss og på Dagon, guden vår.»
De sendte bud og samlet alle filisterfyrstene hos seg og spurte: «Hva skal vi gjøre med Israels Guds ark?» De svarte: «La Israels Guds ark bli ført til Gat.» Så førte de Israels Guds ark dit.
Dei sende bod og kalla saman alle filisterfyrstane og spurde: «Kva skal vi gjera med arken til Israels Gud?» Dei svara: «Lat arken til Israels Gud bli flytta til Gat.» Så flytta dei arken til Israels Gud dit.
Men etter at de hadde ført den dit, rammet Herrens hånd byen med stor forferdelse. Han slo byens innbyggere, både små og store, så det brøt ut byller på dem.
Men etter at dei hadde flytta han dit, kom Herrens hand over byen og skapte stor forvirring. Han slo folket i byen, både små og store, så det braut ut byller på dei.
Da sendte de Guds ark til Ekron. Men da Guds ark kom til Ekron, ropte folket i Ekron: «De har ført Israels Guds ark hit til meg for å drepe meg og mitt folk!»
Då sende dei Guds ark til Ekron. Men då Guds ark kom til Ekron, ropa ekronittane: «Dei har flytta arken til Israels Gud til oss for å drepa oss og folket vårt!»
De sendte bud og samlet alle filisterfyrstene og sa: «Send Israels Guds ark bort, la den vende tilbake til sitt sted, så den ikke dreper meg og mitt folk!» For det var en dødelig redsel i hele byen; Guds hånd lå svært tungt på dem der.
Dei sende bod og kalla saman alle filisterfyrstane og sa: «Send arken til Israels Gud bort, så han kan koma tilbake til sin eigen stad og ikkje drepa oss og folket vårt!» For det var dødeleg forvirring i heile byen; Guds hand låg svært tungt over dei der.
De mennene som ikke døde, ble slått med byller, og byens klagerop steg opp mot himmelen.
Dei som ikkje døydde, vart slegne med byller, og klageropet frå byen steig opp mot himmelen.