MatteusKapittel 1

Vis ættetavle42 slektsledd fra Abraham til Jesus

Matteus deler ættetavlen i tre perioder med 14 slektsledd hver: fra Abraham til David, fra David til eksilet, og fra eksilet til Kristus.

Fra Abraham til Davidv.2-6

Isak
Juda
Peresmed Tamar
Hesron
Aram
Aminadab
Nahson
Salmon
Boasmed Rahab
Obedmed Rut
Isai

Fra David til eksiletv.6-11

Salomomed Batseba
Rehabeam
Abia
Asa
Josafat
Joram
Ussia
Jotam
Akas
Manasse
Amon

Fra eksilet til Kristusv.12-16

Jekonja
Sealtiel
Serubabel
Abiud
Eljakim
Asor
Sadok
Akim
Eliud
Eleasar
Mattan
Jakob
Parallelle tekster2 paralleller i dette kapitlet
Budskapet om Jesu fødselML

Matteus forteller fra Josefs perspektiv, Lukas fra Marias.

Matteus(du leser)

18Med Jesu Kristi fødsel gjekk det slik til: Mor hans, Maria, var lova bort til Josef. Men før dei kom saman, synte det seg at ho var med barn ved Den heilage Ande.

19Josef, mannen hennar, var ein rettferdig mann og ville ikkje føra skam over henne. Difor sette han seg føre å skilja seg frå henne i det stille.

20Medan han tenkte på dette, synte ein engel frå Herren seg for han i ein draum og sa: «Josef, Davids son! Ver ikkje redd for å ta Maria heim til deg som kona di. For barnet som er avla i henne, er av Den heilage Ande.

21Ho skal føda ein son, og du skal gje han namnet Jesus, for han skal frelsa folket sitt frå syndene deira.»

22Alt dette hende for at det skulle oppfyllast som Herren har tala gjennom profeten:

23«Sjå, jomfrua skal verta med barn og føda ein son, og dei skal gje han namnet Immanuel» – det tyder: Gud med oss.

24Då Josef vakna frå søvnen, gjorde han som engelen frå Herren hadde bode han, og tok Maria heim til seg som kona si.

25Men han låg ikkje med henne før ho hadde fødd ein son. Og han gav han namnet Jesus.

26I den sjette månaden vart engelen Gabriel send frå Gud til ein by i Galilea som heitte Nasaret,

27til ei jomfru som var trulova med ein mann som heitte Josef, av Davids hus. Jomfrua heitte Maria.

28Engelen kom inn til henne og sa: «Ver helsa, du som har fått nåde! Herren er med deg.»

29Men ho vart svært uroleg over desse orda og tenkte på kva denne helsinga kunne tyda.

30Engelen sa til henne: «Ver ikkje redd, Maria! For du har funne nåde hos Gud.

31Sjå, du skal verta med barn og føda ein son, og du skal gje han namnet Jesus.

32Han skal vera stor og kallast Son til Den høgste. Herren Gud skal gje han trona til David, far hans.

33Han skal vera konge over Jakobs hus til evig tid, og det skal ikkje vera ende på riket hans.»

34Maria sa til engelen: «Korleis skal dette gå til? Eg har ikkje vore saman med nokon mann.»

35Difor skal òg det heilage som vert fødd, kallast Guds Son.

36Og sjå, Elisabet, slektningen din, har òg fått ein son i magen i sin høge alder, ho som vart kalla ufruktbar. No er ho alt i sjette månaden.

37For ingen ting er umogeleg for Gud.»

38Då sa Maria: «Sjå, eg er Herrens tenestekvinne. Lat det gå meg som du har sagt.» Så forlét engelen henne.

Jesu slektsregisterML

Matteus fører slekten tilbake til Abraham gjennom Josef, mens Lukas fører den tilbake til Adam.

Matteus(du leser)

1Dette er boka om opphavet til Jesus Kristus, son av David, son av Abraham.

2Abraham fekk sonen Isak, Isak fekk Jakob, og Jakob fekk Juda og brørne hans.

3Juda fekk Peres og Serah med Tamar, Peres fekk Hesron, og Hesron fekk Aram.

4Aram fekk Aminadab, Aminadab fekk Nahsjon, og Nahsjon fekk Salmon.

5Salmon fekk Boas med Rahab, Boas fekk Obed med Rut, og Obed fekk Isai.

6Isai fekk David, kongen. David fekk Salomo med kona til Uria.

7Salomo fekk Rehabeam, Rehabeam fekk Abia, og Abia fekk Asaf.

8Asaf fekk Josafat, Josafat fekk Joram, og Joram fekk Ussia.

9Ussia fekk Jotam, Jotam fekk Akas, og Akas fekk Hiskia.

10Hiskia fekk Manasse, Manasse fekk Amos, og Amos fekk Josia.

11Josia fekk Jekonja og brørne hans, på den tida då folket vart bortført til Babylon.

12Etter bortføringa til Babylon fekk Jekonja sonen Sjealtiel, og Sjealtiel fekk Serubabel.

13Serubabel fekk Abiud, Abiud fekk Eljakim, og Eljakim fekk Asor.

14Asor fekk Sadok, Sadok fekk Akim, og Akim fekk Eliud.

15Eliud fekk Eleasar, Eleasar fekk Mattan, og Mattan fekk Jakob.

16Jakob fekk Josef, mannen til Maria, og av henne vart Jesus fødd, han som vert kalla Kristus.

17Til saman er det då fjorten slektsledd frå Abraham til David, fjorten slektsledd frå David til bortføringa til Babylon, og fjorten slektsledd frå bortføringa til Babylon til Kristus.

23Jesus var om lag tretti år gammal då han byrja si gjerning. Han var, slik folk meinte, son til Josef, son til Eli,

24son til Mattat, son til Levi, son til Melki, son til Jannai, son til Josef,

25son til Mattatias, son til Amos, son til Nahum, son til Esli, son til Naggai,

26son til Maat, son til Mattatias, son til Semein, son til Josek, son til Joda,

27son til Johanan, son til Resa, son til Serubabel, son til Sealtiel, son til Neri,

28son til Melki, son til Addi, son til Kosam, son til Elmadam, son til Er,

29son til Josva, son til Elieser, son til Jorim, son til Mattat, son til Levi,

30son til Simeon, son til Juda, son til Josef, son til Jonam, son til Eljakim,

31son til Melea, son til Menna, son til Mattata, son til Natan, son til David,

32son til Isai, son til Obed, son til Boas, son til Sala, son til Nahsjon,

33son til Amminadab, son til Admin, son til Arni, son til Hesron, son til Peres, son til Juda,

34son til Jakob, son til Isak, son til Abraham, son til Tarah, son til Nahor,

35son til Serug, son til Re'u, son til Peleg, son til Eber, son til Sala,

36son til Kenan, son til Arpaksjad, son til Sem, son til Noah, son til Lamek,

37son til Metusjalah, son til Enok, son til Jared, son til Mahalalel, son til Kenan,

38son til Enosj, son til Set, son til Adam, son til Gud.

Dette er boka om opphavet til Jesus Kristus, son av David, son av Abraham.
Abraham fekk sonen Isak, Isak fekk Jakob, og Jakob fekk Juda og brørne hans.
Juda fekk Peres og Serah med Tamar, Peres fekk Hesron, og Hesron fekk Aram.
Aram fekk Aminadab, Aminadab fekk Nahsjon, og Nahsjon fekk Salmon.
Salmon fekk Boas med Rahab, Boas fekk Obed med Rut, og Obed fekk Isai.
Isai fekk David, kongen. David fekk Salomo med kona til Uria.
Salomo fekk Rehabeam, Rehabeam fekk Abia, og Abia fekk Asaf.
Asaf fekk Josafat, Josafat fekk Joram, og Joram fekk Ussia.
Ussia fekk Jotam, Jotam fekk Akas, og Akas fekk Hiskia.
Hiskia fekk Manasse, Manasse fekk Amos, og Amos fekk Josia.
Josia fekk Jekonja og brørne hans, på den tida då folket vart bortført til Babylon.
Etter bortføringa til Babylon fekk Jekonja sonen Sjealtiel, og Sjealtiel fekk Serubabel.
Serubabel fekk Abiud, Abiud fekk Eljakim, og Eljakim fekk Asor.
Asor fekk Sadok, Sadok fekk Akim, og Akim fekk Eliud.
Eliud fekk Eleasar, Eleasar fekk Mattan, og Mattan fekk Jakob.
Jakob fekk Josef, mannen til Maria, og av henne vart Jesus fødd, han som vert kalla Kristus.
Til saman er det då fjorten slektsledd frå Abraham til David, fjorten slektsledd frå David til bortføringa til Babylon, og fjorten slektsledd frå bortføringa til Babylon til Kristus.
Med Jesu Kristi fødsel gjekk det slik til: Mor hans, Maria, var lova bort til Josef. Men før dei kom saman, synte det seg at ho var med barn ved Den heilage Ande.
Josef, mannen hennar, var ein rettferdig mann og ville ikkje føra skam over henne. Difor sette han seg føre å skilja seg frå henne i det stille.
Medan han tenkte på dette, synte ein engel frå Herren seg for han i ein draum og sa: «Josef, Davids son! Ver ikkje redd for å ta Maria heim til deg som kona di. For barnet som er avla i henne, er av Den heilage Ande.
Alt dette hende for at det skulle oppfyllast som Herren har tala gjennom profeten:
«Sjå, jomfrua skal verta med barn og føda ein son, og dei skal gje han namnet Immanuel» – det tyder: Gud med oss.
Då Josef vakna frå søvnen, gjorde han som engelen frå Herren hadde bode han, og tok Maria heim til seg som kona si.
Men han låg ikkje med henne før ho hadde fødd ein son. Og han gav han namnet Jesus.