DommerneKapittel 18

I de dager var det ingen konge i Israel. Og i de dager søkte Dan-stammen seg et landområde å bosette seg i, for de hadde ennå ikke fått noen arvedel blant Israels stammer.
På den tida var det ingen konge i Israel. Og på den tida leita Dan-stammen etter eit landområde å bu i, for dei hadde ikkje fått noko arv blant Israels stammar fram til den dagen.
Danittene sendte ut fem menn fra sin slekt, djerve menn fra Sora og Esjta'ol, for å speide ut landet og utforske det. De sa til dem: «Gå og utforsk landet!» De kom til Efraim-fjellene, til Mikas hus, og overnattet der.
Dans søner sende ut fem menn frå slekta si, tapre menn frå Sora og Estaol, for å speida ut landet og utforska det. Dei sa til dei: «Gå og utforsk landet!» Dei kom til Efraim-fjella, til huset til Mika, og overnatta der.
Da de var ved Mikas hus, kjente de igjen den unge levittens stemme. De gikk bort til ham og spurte: «Hvem har brakt deg hit? Hva gjør du her, og hva har du her å gjøre?»
Då dei var ved huset til Mika, kjende dei att røysta til den unge levitten. Dei gjekk bort til han og spurde: «Kven har ført deg hit? Kva gjer du her? Og kva har du her å gjera?»
Han svarte dem: «Mika har gjort slik og slik for meg. Han har leid meg, og jeg er blitt hans prest.»
Han svara dei: «Slik og slik har Mika gjort mot meg. Han har leigd meg, og eg er prest for han.»
Da sa de til ham: «Spør Gud, så vi kan vite om ferden vi har lagt ut på, vil lykkes.»
Dei sa til han: «Spør Gud, så vi kan få vita om ferda vår vil lukkast.»
Presten svarte dem: «Gå i fred! Herren våker over den veien dere går.»
Presten svara dei: «Gå i fred! Herren ser med velvilje på ferda dykkar.»
De fem mennene dro videre og kom til Lajisj. De så at folket der levde trygt på sidonernes vis, rolig og sorgløst. Det var ingen i landet som krenket dem eller la bånd på dem. De bodde langt fra sidonierne og hadde ikke forbindelse med noe annet folk.
Så drog dei fem mennene av stad og kom til Lajisj. Der såg dei at folket som budde der, levde trygt på sidonisk vis, rolege og trygge. Det var ingen som krenkte dei på nokon måte i landet, og ingen som la tvang på dei. Dei budde langt frå sidonarane og hadde ikkje noko å gjera med andre folk.
Da de kom tilbake til sine brødre i Sora og Esjta'ol, spurte brødrene dem: «Hva har dere å melde?»
Dei kom tilbake til brørne sine i Sora og Estaol, og brørne spurde dei: «Korleis gjekk det?»
De svarte: «Kom, la oss dra opp mot dem! Vi har sett landet, og det er svært godt. Hvorfor sitter dere stille? Nøl ikke med å dra av sted og ta landet i eie!
Dei svara: «Kom, lat oss dra opp mot dei! For vi har sett landet, og det er svært godt. Kvifor sit de stille? Ver ikkje treige med å dra av stad og ta landet i eige!»
Når dere kommer dit, kommer dere til et folk som lever trygt, og landet er vidstrakt. Gud har gitt det i deres hånd – et sted hvor det ikke er mangel på noe av det jorden gir.»
Når de kjem dit, kjem de til eit folk som lever trygt. Landet er vidstrekt, og Gud har gjeve det i hendene dykkar – ein stad der det ikkje manglar noko av det som finst på jorda.
Så brøt seks hundre menn fra Dan-slekten opp fra Sora og Esjta'ol, rustet med krigsvåpen.
Så braut seks hundre menn frå Dan-slekta opp frå Sora og Estaol, væpna med krigsvåpen.
De dro opp og slo leir ved Kirjat-Jearim i Juda. Derfor kalles dette stedet Mahane-Dan den dag i dag. Det ligger bak Kirjat-Jearim.
Dei drog opp og slo leir ved Kirjat-Jearim i Juda. Difor kallar dei den staden Mahane-Dan den dag i dag. Han ligg bak Kirjat-Jearim.
Derfra dro de videre til Efraim-fjellene og kom til Mikas hus.
Derifrå drog dei vidare til Efraim-fjella og kom til huset til Mika.
Da tok de fem mennene som hadde speidet ut landet ved Lajisj, til orde og sa til sine brødre: «Vet dere at det i disse husene finnes en efod, husguder, et utskåret bilde og et støpt bilde? Tenk nå over hva dere vil gjøre!»
Då tok dei fem mennene som hadde speida ut landet mot Lajisj, til orde og sa til brørne sine: «Visste de at det i desse husa er ein efod og husgudbilete, eit utskore bilete og eit støypt bilete? Tenk no over kva de vil gjera!»
De svingte av dit og kom til den unge levittens hus, som lå ved Mikas hus, og hilste ham med fred.
Dei bøygde av dit og kom til huset til den unge levitten, til Mikas hus, og helsa på han.
De seks hundre danittene sto rustet med krigsvåpen ved inngangen til porten.
Dei seks hundre mennene frå Dan stod ved inngangen til porten, væpna med krigsvåpen.
De fem mennene som hadde vært ute for å speide ut landet, gikk inn og tok det utskårne bildet, efoden, husgudene og det støpte bildet, mens presten sto ved inngangen til porten sammen med de seks hundre mennene som var rustet med krigsvåpen.
Dei fem mennene som hadde speida ut landet, gjekk opp og inn og tok det utskorne biletet, efoden, husgudbileta og det støypte biletet. Presten stod ved inngangen til porten saman med dei seks hundre væpna mennene.
Da disse var kommet inn i Mikas hus og tok det utskårne bildet med efoden, husgudene og det støpte bildet, sa presten til dem: «Hva er det dere gjør?»
Då desse gjekk inn i huset til Mika og tok det utskorne biletet, efoden, husgudbileta og det støypte biletet, sa presten til dei: «Kva er det de gjer?»
De svarte ham: «Vær stille! Legg hånden over munnen din og bli med oss. Du skal være far og prest for oss. Er det ikke bedre for deg å være prest for en hel stamme og slekt i Israel enn for én manns hus?»
Dei svara han: «Ver still! Legg handa over munnen og kom med oss! Ver far og prest for oss! Er det betre for deg å vera prest for huset til éin mann enn å vera prest for ein heil stamme og slekt i Israel?»
Da ble presten glad. Han tok efoden, husgudene og det utskårne bildet og sluttet seg til folkemengden.
Då vart presten glad i hjartet. Han tok efoden, husgudbileta og det utskorne biletet og gjekk med folket.
Så snudde de og dro av sted. Barna, buskapen og alt det verdifulle lot de gå foran seg.
Så snudde dei og drog av stad. Dei små borna, buskapen og eigedelane sette dei fremst.
Da de var kommet et stykke fra Mikas hus, ble mennene i husene ved Mikas hus kalt sammen, og de innhentet danittene.
Dei hadde kome eit godt stykke frå huset til Mika då mennene som budde i husa nær huset til Mika, vart ropa saman og tok etter Dans søner.
De ropte til danittene, som snudde seg og sa til Mika: «Hva er i veien med deg, siden du har ropt folk sammen?»
Dei ropa til Dans søner, og dei snudde seg og sa til Mika: «Kva er det med deg, sidan du kjem med slik skriking?»
Han svarte: «Dere har tatt gudene mine som jeg har laget, og presten, og så drar dere av sted. Hva har jeg igjen nå? Hvordan kan dere spørre meg hva som er i veien?»
Han svara: «De har teke gudane mine som eg har laga, og presten, og drege av stad. Kva har eg att no? Korleis kan de spørja meg kva som er i vegen?»
Danittene sa til ham: «La oss ikke høre stemmen din mer! Ellers kan noen iltre menn kaste seg over dere, og du mister både ditt eget liv og dine nærmestes liv.»
Dans søner sa til han: «Lat oss ikkje høyra røysta di meir! Elles kan det henda at nokre illsinte menn går laus på dykk, og då mistar du livet, både du og huslyden din.»
Så dro danittene sin vei. Da Mika så at de var sterkere enn ham, snudde han og vendte hjem.
Så drog Dans søner vidare. Og då Mika såg at dei var sterkare enn han, snudde han og gjekk heim att.
De tok med seg det Mika hadde laget, og presten han hadde hatt, og kom til Lajisj, til et folk som levde rolig og trygt. De slo dem med sverd og brente byen ned.
Dei tok med seg det som Mika hadde laga, og presten han hadde hatt, og kom til Lajisj, til eit fredeleg og trygt folk. Dei slo dei med sverd og brende byen.
Ingen kunne redde dem, for byen lå langt fra Sidon, og de hadde ikke forbindelse med noe annet folk. Den lå i dalen som hører til Bet-Rehob. De bygde byen opp igjen og bosatte seg der.
Det var ingen som kunne berga dei, for byen låg langt frå Sidon, og dei hadde ikkje noko å gjera med andre folk. Han låg i dalen som høyrer til Bet-Rehob. Dei bygde byen opp att og busette seg der.
De kalte byen Dan etter sin stamfar Dan, som var født av Israel. Men byens opprinnelige navn var Lajisj.
Dei kalla byen Dan, etter Dan, stamfaren sin, som var fødd til Israel. Men frå først av heitte byen Lajisj.
Danittene reiste opp det utskårne bildet for seg. Jonatan, sønn av Gersjom, sønn av Moses, han og hans sønner var prester for Dan-stammen helt til den dagen folket ble bortført fra landet.
Dans søner reiste opp det utskorne biletet for seg. Jonatan, son til Gersjom, son til Moses, og sønene hans var prestar for Dan-stammen heilt til den dagen då folket vart ført bort frå landet.
De stilte opp Mikas utskårne bilde som han hadde laget, og det sto der hele den tiden Guds hus var i Sjilo.
Dei sette opp det utskorne biletet til Mika som han hadde laga, og det stod der heile den tida Guds hus var i Sjilo.