JeremiaKapittel 11

Dette er ordet som kom til Jeremia fra Herren:
Dette er ordet som kom til Jeremia frå Herren:
Hør ordene i denne pakten, og tal dem til Judas menn og til Jerusalems innbyggere.
Høyr orda i denne pakta, og tal til Juda-mennene og til dei som bur i Jerusalem.
Si til dem: Så sier Herren, Israels Gud: Forbannet er den som ikke hører ordene i denne pakten,
Sei til dei: Så seier Herren, Israels Gud: Forbanna er den mannen som ikkje høyrer orda i denne pakta,
som jeg påla deres fedre den dagen jeg førte dem ut av Egypt, ut av jernovnen, da jeg sa: Hør på min røst og gjør alt det jeg befaler dere. Da skal dere være mitt folk, og jeg skal være deres Gud.
som eg gav fedrene dykkar bod om den dagen eg førte dei ut frå Egypt, ut frå jernsmelteomnen, då eg sa: Høyr på mi røyst og gjer alt det eg byd dykk. Då skal de vera mitt folk, og eg skal vera dykkar Gud.
Og jeg svarte og sa: Amen, Herre!
Slik vil eg halda den eiden eg svor til fedrene dykkar, at eg ville gje dei eit land som fløymer av mjølk og honning, slik det er i dag. Då svara eg og sa: Amen, Herre!
Og Herren sa til meg: Rop ut alle disse ordene i Judas byer og på Jerusalems gater: Hør ordene i denne pakten og hold dem!
Og Herren sa til meg: Rop ut alle desse orda i byane i Juda og på gatene i Jerusalem og sei: Høyr orda i denne pakta og hald dei!
For jeg advarte deres fedre gang på gang, fra den dagen jeg førte dem opp fra Egypt og helt til denne dag, og sa stadig: Hør på min røst!
For eg åtvara fedrene dykkar alvorleg den dagen eg førte dei opp frå Egypt og heilt til denne dag. Gong etter gong åtvara eg dei og sa: Høyr på mi røyst!
Men de hørte ikke og vendte ikke øret til. Hver av dem fulgte sitt onde og harde hjerte. Derfor lot jeg alle ordene i denne pakten komme over dem, den jeg befalte dem å holde, men som de ikke holdt.
Men dei høyrde ikkje og bøygde ikkje øyret sitt. Kvar av dei følgde sitt eige vonde, stive hjarte. Difor lét eg alle orda i denne pakta koma over dei, den eg baud dei å halda, men som dei ikkje heldt.
Herren sa til meg: Det er funnet en sammensvergelse blant Judas menn og Jerusalems innbyggere.
Herren sa til meg: Det er funne ei samansverjing mellom Juda-mennene og dei som bur i Jerusalem.
De har vendt tilbake til sine forfedres synder, de som nektet å høre mine ord. De har fulgt andre guder og dyrket dem. Israels hus og Judas hus har brutt min pakt som jeg sluttet med deres fedre.
Dei har vendt attende til syndene åt forfedrane sine, dei som nekta å høyra orda mine. Dei har følgt andre gudar og dyrka dei. Israels hus og Judas hus har brote pakta mi, den eg gjorde med fedrene deira.
Derfor, så sier Herren: Se, jeg bringer ulykke over dem som de ikke kan slippe unna. Når de roper til meg, vil jeg ikke høre på dem.
Difor, så seier Herren: Sjå, eg fører ulukke over dei som dei ikkje kan koma unna. Når dei ropar til meg, vil eg ikkje høyra på dei.
Da skal Judas byer og Jerusalems innbyggere gå og rope til de gudene de brenner røkelse for. Men de skal slett ikke frelse dem i deres ulykkes tid.
Då skal byane i Juda og dei som bur i Jerusalem, gå og ropa til dei gudane dei har brunne røykjelse for. Men dei kan ikkje frelsa dei i ulukketida.
For dine guder er blitt like tallrike som dine byer, Juda. Og like mange som Jerusalems gater er altrene dere har reist for skammen – altere for å brenne røkelse for Baal.
For du har like mange gudar som du har byar, Juda! Og de har reist like mange altar for skamma, altar for å brenna røykjelse for Baal, som det er gater i Jerusalem.
Du skal ikke be for dette folket, ikke løfte opp klagerop eller bønn for dem. For jeg hører ikke når de roper til meg i sin nød.
Og du, du skal ikkje be for dette folket, ikkje lyfta opp klagerop og bøn for dei. For eg høyrer ikkje når dei ropar til meg i si ulukke.
Hva har min elskede å gjøre i mitt hus? Hun utfører sine mange onde planer. Kan hellig kjøtt avverge din ulykke? Kan du da juble?
Kva har min elska å gjera i mitt hus når ho driv med vonde planar saman med mange? Kan heilagt kjøt avvenda det frå deg? Når ulukka di kjem, då jublar du!
Et grønt oliventre med vakker frukt kalte Herren deg. Men ved lyden av et veldig brak tenner han ild på det, og dets grener blir ødelagt.
Eit grønt oliventre med vakker frukt kalla Herren deg. Men med lyden av eit veldig brus tenner han eld på det, og greinene på det blir øydelagde.
Herren over hærskarene, som plantet deg, har kunngjort ulykke over deg på grunn av det onde som Israels hus og Judas hus har gjort. De har krenket meg ved å brenne røkelse for Baal.
Herren over hærskarane, han som planta deg, har varsla ulukke over deg på grunn av det vonde som Israels hus og Judas hus har gjort. Dei har harma meg med å brenna røykjelse for Baal.
Herren lot meg vite, og jeg fikk vite. Da viste du meg deres gjerninger.
Herren lét meg vita, og eg fekk vita det. Då synte du meg gjerningane deira.
«La oss ødelegge treet med dets brød, la oss utrydde ham fra de levendes land, så hans navn ikke lenger blir husket.»
Eg var som eit tamt lam som blir ført bort for å slaktast. Eg visste ikkje at dei hadde lagt planar mot meg: «Lat oss øydeleggja treet med frukta i det og hogga det bort frå dei levande sitt land, så namnet hans ikkje blir hugsa meir.»
Men Herren over hærskarene dømmer rettferdig, han prøver nyrer og hjerte. La meg få se din hevn over dem, for jeg har lagt min sak fram for deg.
Men Herren over hærskarane dømer rettferdig, han prøver nyrer og hjarte. Lat meg få sjå di hemn over dei, for eg har lagt saka mi fram for deg.
Derfor, så sier Herren om mennene fra Anatot som står deg etter livet og sier: «Du skal ikke profetere i Herrens navn, ellers skal du dø for vår hånd!»
Difor, så seier Herren om mennene frå Anatot som står deg etter livet og seier: «Du skal ikkje profetera i Herrens namn, elles skal du døy for vår hand!»
Derfor, så sier Herren over hærskarene: Se, jeg straffer dem! De unge mennene skal dø ved sverd, sønnene og døtrene deres skal dø av sult.
Difor, så seier Herren over hærskarane: Sjå, eg vil straffa dei. Dei unge mennene skal døy for sverd, og sønene og døtrene deira skal døy av svolt.
Ingen rest skal bli igjen av dem, for jeg bringer ulykke over mennene fra Anatot i det året de blir straffet.
Ingen rest skal vera att av dei, for eg fører ulukke over mennene frå Anatot i det året dei blir straffa.