JosvaKapittel 10

Da Adoni-Sedek, kongen av Jerusalem, hørte at Josva hadde inntatt Ai og slått byen med bann – at han hadde gjort med Ai og dens konge som han hadde gjort med Jeriko og dens konge – og at innbyggerne i Gibeon hadde sluttet fred med Israel og bodde blant dem,
Då Adoni-Sedek, kongen i Jerusalem, høyrde at Josva hadde innteke Ai og vigsla byen til undergang – at han hadde gjort med Ai og kongen der det same som han hadde gjort med Jeriko og kongen der – og at innbyggjarane i Gibeon hadde slutta fred med Israel og budde midt iblant dei,
ble de grepet av stor frykt. For Gibeon var en stor by, som en av kongebyene, større enn Ai, og alle mennene der var dyktige krigere.
vart han svært redd. For Gibeon var ein stor by, som ein av kongebyane, og større enn Ai, og alle mennene der var krigarar.
Adoni-Sedek, kongen av Jerusalem, sendte da bud til Hoham, kongen av Hebron, til Piram, kongen av Jarmut, til Jafia, kongen av Lakisj, og til Debir, kongen av Eglon, og sa:
Adoni-Sedek, kongen i Jerusalem, sende bod til Hoham, kongen i Hebron, til Piram, kongen i Jarmut, til Jafia, kongen i Lakisj, og til Debir, kongen i Eglon, og sa:
«Kom opp til meg og hjelp meg, så vi kan slå Gibeon! For de har sluttet fred med Josva og Israels barn.»
«Kom opp til meg og hjelp meg, så vi kan slå Gibeon! For dei har slutta fred med Josva og israelittane.»
De fem amoritterkongene samlet seg og dro opp – kongen av Jerusalem, kongen av Hebron, kongen av Jarmut, kongen av Lakisj og kongen av Eglon – de og alle deres hærstyrker. De slo leir ved Gibeon og gikk til angrep på byen.
Så samla dei fem amorittkongane seg – kongen i Jerusalem, kongen i Hebron, kongen i Jarmut, kongen i Lakisj og kongen i Eglon – dei og alle hærane deira. Dei drog opp og slo leir ved Gibeon og gjekk til åtak på byen.
Mennene i Gibeon sendte da bud til Josva i leiren ved Gilgal og sa: «Slipp ikke taket i dine tjenere! Skynd deg opp til oss, redd oss og hjelp oss! For alle amoritterkongene som bor i fjellandet, har samlet seg mot oss.»
Mennene i Gibeon sende då bod til Josva i leiren i Gilgal og sa: «Ta ikkje handa di frå tenarane dine! Kom fort opp til oss og berg oss og hjelp oss! For alle amorittkongane som bur i fjellandet, har samla seg mot oss.»
Josva dro opp fra Gilgal med hele hæren og alle de tapre krigerne.
Så drog Josva opp frå Gilgal med heile hæren sin og alle dei tapre krigarane.
Herren sa til Josva: «Frykt ikke for dem, for jeg har gitt dem i din hånd. Ingen av dem skal kunne stå seg mot deg.»
Herren sa til Josva: «Ver ikkje redd dei! For eg har gjeve dei i di hand. Ingen av dei skal kunna stå seg mot deg.»
Josva kom over dem brått. Han hadde marsjert hele natten fra Gilgal.
Josva kom brått over dei etter å ha marsjert heile natta frå Gilgal.
Herren skapte forvirring blant dem foran Israel, og de påførte dem et stort nederlag ved Gibeon, forfulgte dem på veien opp til Bet-Horon og slo dem helt til Aseka og Makkeda.
Herren sette forvirring blant dei framfor Israel, og dei slo dei med eit stort slag ved Gibeon. Dei forfølgde dei på vegen opp til Bet-Horon og slo dei heilt til Aseka og Makkeda.
Da de flyktet for Israel på nedgangen fra Bet-Horon, kastet Herren store steiner fra himmelen over dem helt til Aseka, så de døde. Flere døde av haglsteinene enn av sverdet til Israels barn.
Medan dei flykta for Israel på nedstigninga frå Bet-Horon, kasta Herren store steinar frå himmelen ned over dei heilt til Aseka, så dei døydde. Fleire døydde av haglsteinane enn dei israelittane drap med sverd.
Den dagen Herren ga amorittene i Israels barns hånd, talte Josva til Herren og sa så alle i Israel hørte det: «Sol, stå stille over Gibeon, og måne, over Ajjalons dal!»
Den dagen Herren gav amorittane i hendene på israelittane, tala Josva til Herren og sa så heile Israel høyrde det: «Sol, stå stille over Gibeon, og måne, over Ajjalon-dalen!»
Og solen sto stille, og månen stanset til folket hadde hevnet seg på sine fiender. Står ikke dette skrevet i «Den rettferdiges bok»? Solen ble stående midt på himmelen og hastet ikke med å gå ned – i nærmere en hel dag.
Og sola stod stille, og månen stansa til folket hadde teke hemn over fiendane sine. Er ikkje dette skrive i Jasjar-boka? Sola stod midt på himmelen og hasta ikkje med å gå ned på ein heil dag.
Aldri har det vært en dag som denne, verken før eller siden, da Herren hørte på et menneskes røst. For Herren kjempet for Israel.
Aldri før eller sidan har det vore ein dag som denne, då Herren lydde røysta til eit menneske. For Herren stridde for Israel.
Deretter vendte Josva og hele Israel med ham tilbake til leiren ved Gilgal.
Så vende Josva og heile Israel med han attende til leiren i Gilgal.
De fem kongene hadde flyktet og gjemt seg i hulen ved Makkeda.
Dei fem kongane hadde rømt og gøymt seg i hola ved Makkeda.
Det ble meldt til Josva: «De fem kongene er funnet, gjemt i hulen ved Makkeda.»
Det vart meldt til Josva: «Dei fem kongane er funne; dei gøymer seg i hola ved Makkeda.»
Josva sa: «Rull store steiner foran inngangen til hulen og sett menn til å vokte den.
Josva sa: «Rull store steinar framfor opninga til hola og set menn til å vakta dei.
Men dere andre skal ikke stanse! Forfølg fiendene og angrip baktroppen. La dem ikke komme inn i byene sine, for Herren deres Gud har gitt dem i deres hånd.»
Men de andre må ikkje stansa! Forfølg fiendane dykkar og angrip dei bakfrå. Lat dei ikkje koma inn i byane sine, for Herren dykkar Gud har gjeve dei i hendene dykkar.»
Da Josva og Israels barn hadde påført dem et veldig nederlag og gjort ende på dem, kom de overlevende seg inn i de befestede byene.
Då Josva og israelittane hadde slege dei med eit veldig slag og gjort ende på dei, og dei som hadde berga seg, hadde kome seg inn i dei befesta byane,
Hele hæren vendte velberget tilbake til Josva i leiren ved Makkeda. Ingen våget å si et ord mot Israels barn.
vende heile hæren velberga attende til Josva i leiren ved Makkeda. Ingen våga å seia eit ord mot israelittane.
Josva sa: «Åpne inngangen til hulen og før de fem kongene ut til meg.»
Då sa Josva: «Opna hola og før dei fem kongane ut til meg!»
De gjorde det og førte de fem kongene ut til ham fra hulen: kongen av Jerusalem, kongen av Hebron, kongen av Jarmut, kongen av Lakisj og kongen av Eglon.
Det gjorde dei, og dei førte dei fem kongane ut til han frå hola: kongen i Jerusalem, kongen i Hebron, kongen i Jarmut, kongen i Lakisj og kongen i Eglon.
Da kongene var ført fram for Josva, kalte han til seg alle Israels menn og sa til hærførerne som hadde dratt ut med ham: «Kom hit og sett foten på nakken til disse kongene.» De kom fram og satte foten på nakken deres.
Då dei hadde ført desse kongane ut til Josva, kalla Josva saman alle Israels menn og sa til hærførarane som hadde vore med han: «Kom hit og set føtene dykkar på nakken til desse kongane!» Dei kom fram og sette føtene sine på nakkane deira.
Josva sa til dem: «Frykt ikke og vær ikke redde! Vær sterke og modige! For slik skal Herren gjøre med alle fiendene dere kjemper mot.»
Josva sa til dei: «Ver ikkje redde og mist ikkje motet! Ver sterke og modige! For slik skal Herren gjera med alle fiendane de strir mot.»
Deretter slo Josva dem i hjel og hengte dem på fem trær, og de ble hengende på trærne til kvelden.
Etterpå slo Josva dei i hel og hengde dei på fem tre. Der hang dei til det vart kveld.
Da solen gikk ned, ga Josva ordre om å ta dem ned fra trærne og kaste dem inn i hulen der de hadde gjemt seg. Store steiner ble lagt foran inngangen til hulen, og de ligger der den dag i dag.
Ved solnedgang gav Josva ordre om å ta dei ned frå trea og kasta dei inn i hola der dei hadde gøymt seg. Så la dei store steinar framfor opninga til hola, og dei ligg der den dag i dag.
Samme dag inntok Josva Makkeda og slo byen og dens konge med sverd. Han slo dem med bann, alle som var der, og lot ingen slippe unna. Han gjorde med kongen av Makkeda som han hadde gjort med kongen av Jeriko.
Same dagen tok Josva Makkeda og slo byen og kongen med sverd. Han vigsla dei til undergang, dei og alle som var der. Han lét ingen sleppa unna. Han gjorde med kongen i Makkeda det same som han hadde gjort med kongen i Jeriko.
Josva dro videre fra Makkeda til Libna med hele Israel, og de angrep Libna.
Så drog Josva og heile Israel med han frå Makkeda til Libna og gjekk til åtak på Libna.
Herren ga også denne byen og dens konge i Israels hånd. De slo den og alle som var der, med sverd og lot ingen slippe unna. De gjorde med dens konge som de hadde gjort med kongen av Jeriko.
Herren gav også denne byen og kongen der i Israels hand. Dei slo byen og alle som var der, med sverd. Dei lét ingen sleppa unna. Dei gjorde med kongen der det same som dei hadde gjort med kongen i Jeriko.
Josva dro videre fra Libna til Lakisj med hele Israel. De slo leir ved byen og angrep den.
Så drog Josva og heile Israel med han frå Libna til Lakisj. Dei slo leir ved byen og gjekk til åtak på han.
Herren ga Lakisj i Israels hånd. De inntok byen på den andre dagen og slo den og alle som var der, med sverd, slik de hadde gjort med Libna.
Herren gav Lakisj i Israels hand. Dei tok byen på den andre dagen og slo han og alle som var der, med sverd, slik dei hadde gjort med Libna.
Da dro Horam, kongen av Geser, opp for å hjelpe Lakisj, men Josva slo ham og hans folk til ingen var igjen.
Då drog Horam, kongen i Geser, opp for å hjelpa Lakisj. Men Josva slo han og folket hans, så ingen slapp unna.
Josva dro videre fra Lakisj til Eglon med hele Israel. De slo leir ved byen og angrep den.
Frå Lakisj drog Josva og heile Israel med han til Eglon. Dei slo leir ved byen og gjekk til åtak på han.
De inntok den samme dag og slo den med sverd. Alle som var der, slo de med bann den dagen, slik de hadde gjort med Lakisj.
Dei tok byen same dagen og slo han med sverd. Alle som var der, vigsla dei til undergang den dagen, slik dei hadde gjort med Lakisj.
Josva dro opp fra Eglon til Hebron med hele Israel, og de angrep byen.
Så drog Josva og heile Israel med han frå Eglon opp til Hebron og gjekk til åtak på byen.
De inntok den og slo den med sverd, kongen og alle byene som lå under den, og alle som var der. Han lot ingen slippe unna, slik han hadde gjort med Eglon. Han slo byen og alle som var der, med bann.
Dei tok byen og slo han, kongen og alle landsbyane omkring, og alle som var der, med sverd. Ingen slapp unna, slik det hadde gått med Eglon. Dei vigsla byen og alle som var der, til undergang.
Så vendte Josva seg mot Debir med hele Israel og angrep byen.
Så vende Josva og heile Israel med han seg mot Debir og gjekk til åtak på byen.
Han inntok den med dens konge og alle byene under den. De slo dem med sverd og slo alle som var der, med bann. Han lot ingen slippe unna. Som han hadde gjort med Hebron, slik gjorde han med Debir og dens konge, og som han hadde gjort med Libna og dens konge.
Han tok byen, kongen og alle landsbyane omkring. Dei slo dei med sverd og vigsla alle som var der, til undergang. Ingen slapp unna. Det han hadde gjort med Hebron og med Libna og kongane der, det same gjorde han med Debir og kongen der.
Slik slo Josva hele landet: fjellandet, Negev, lavlandet og skråningene, og alle kongene der. Han lot ingen slippe unna, men slo alt levende med bann, slik Herren, Israels Gud, hadde befalt.
Slik slo Josva heile landet: fjellandet, Negev, låglandet og fjellskråningane, og alle kongane der. Han lét ingen sleppa unna, men vigsla alt som anda, til undergang, slik Herren, Israels Gud, hadde befalt.
Josva slo dem fra Kadesj-Barnea til Gaza, hele landet Gosjen og helt til Gibeon.
Josva slo dei frå Kadesj-Barnea til Gaza, og heile Gosen-landet til Gibeon.
Alle disse kongene og deres land tok Josva på én gang, for Herren, Israels Gud, kjempet for Israel.
Alle desse kongane og landa deira tok Josva på éin gong, for Herren, Israels Gud, stridde for Israel.
Deretter vendte Josva og hele Israel med ham tilbake til leiren ved Gilgal.
Så vende Josva og heile Israel med han attende til leiren i Gilgal.