SalmeneKapittel 118

Takk Herren, for han er god! Evig varer hans miskunn.
Lat Israel seia: Evig varer hans miskunn.
Lat Arons hus seia: Evig varer hans miskunn.
Lat dei som fryktar Herren, seia: Evig varer hans miskunn.
Frå trengsla ropa eg til Herren, og Herren svara meg og førte meg ut i det frie.
Herren er med meg, eg fryktar ikkje. Kva kan eit menneske gjera meg?
Herren er med meg, han er min hjelpar, og eg skal sjå ned på dei som hatar meg.
Det er betre å søkja tilflukt hos Herren enn å setja lit til menneske.
Det er betre å søkja tilflukt hos Herren enn å setja lit til fyrstar.
Alle folkeslag kringsette meg, men i Herrens namn hogg eg dei ned.
Dei omringa meg, ja, dei kringsette meg, men i Herrens namn hogg eg dei ned.
Dei omringa meg som bier, men dei slokna som eld i tornekratt. I Herrens namn hogg eg dei ned.
Du støytte meg hardt så eg var nær ved å falla, men Herren hjelpte meg.
Herren er mi kraft og min song, han har vorte mi frelse.
Det lyder frydrop og sigersrop i telta til dei rettferdige: Herrens høgre hand gjer storverk!
Herrens høgre hand er opphøgd, Herrens høgre hand gjer storverk!
Eg skal ikkje døy, men leva og fortelja om Herrens gjerningar.
Herren tukta meg hardt, men han overgav meg ikkje til døden.
Opna rettferds portar for meg! Eg vil gå inn gjennom dei og takka Herren.
Dette er Herrens port, dei rettferdige skal gå inn gjennom henne.
Eg takkar deg fordi du svara meg og vart mi frelse.
Steinen som bygningsmennene vraka, har vorte hjørnestein.
Dette er Herrens verk, det er underfullt i våre auge.
Dette er dagen som Herren har gjort, lat oss jubla og gleda oss på han!
Å Herre, frels oss! Å Herre, lat det lukkast!
Velsigna vere han som kjem i Herrens namn! Vi velsignar dykk frå Herrens hus.
Herren er Gud, han har late sitt lys skina over oss. Bind festofferet med greiner fram til altarhorna.
Du er min Gud, eg vil takka deg. Min Gud, eg vil opphøgja deg.
Takk Herren, for han er god! Evig varer hans miskunn.