SalmeneKapittel 62

Til kormeisteren. Etter Jedutun-melodien. Ein salme av David.
Berre hos Gud finn sjela mi ro, frå han kjem frelsa mi.
Han åleine er mitt berg og mi frelse, mi borg – eg skal ikkje vakla mykje.
Kor lenge vil de gå laus på ein mann for å gjera ende på han, alle saman, som om han var ein hellande vegg, eit gjerde som er pressa ned?
Dei legg berre planar om å støyta han ned frå høgda hans. Dei finn hugnad i løgn. Med munnen velsignar dei, men i hjartet forbannar dei. Sela.
Berre hos Gud, ver still, mi sjel, for frå han kjem vona mi.
Han åleine er mitt berg og mi frelse, mi borg – eg skal ikkje vakla.
På Gud kviler frelsa mi og æra mi. Mi sterke klippe – mi tilflukt er i Gud.
Set lit til han til alle tider, de folk! Aus ut hjarta dykkar for hans andlet. Gud er ei tilflukt for oss. Sela.
Berre ein pust er vanlege folk, ei løgn er storfolk. På vekta stig dei opp – dei veg mindre enn ein pust, alle til saman.
Set ikkje lit til utpressing, og bygg ikkje fåfengt von på ran. Når rikdom veks, fest ikkje hjartet til han.
Éin ting har Gud tala, to ting har eg høyrt: At makta høyrer Gud til.
Og hos deg, Herre, er trufast kjærleik, for du løner kvar mann etter gjerningane hans.