SalmeneKapittel 128

Ein song til festreisene. Sæl er kvar den som fryktar Herren, den som vandrar på hans vegar.
Når du et av det hendene dine har arbeidd for, sæl er du, og det skal gå deg vel.
Kona di er som eit fruktbart vintre i det indre av huset ditt. Borna dine er som olivenplanter rundt bordet ditt.
Sjå, slik vert den mannen velsigna som fryktar Herren.
Herren velsigne deg frå Sion! Måtte du få sjå Jerusalem i velstand alle dine levedagar.
Måtte du få sjå borna åt borna dine! Fred over Israel!