SalmeneKapittel 138

Av David. Eg vil takka deg av heile mitt hjarte, framfor gudane vil eg lovsyngja deg.
Eg vil bøya meg mot ditt heilage tempel og prisa ditt namn for din miskunn og truskap. For du har opphøgd ditt ord over alt anna.
Den dagen eg ropa, svara du meg. Du fylte sjela mi med styrke og mot.
Herre, alle kongane på jorda skal takka deg, for dei har høyrt orda frå din munn.
Dei skal syngja om Herrens vegar, for stor er Herrens herlegdom.
For Herren er opphøgd, men han ser til den låge. Den stolte kjenner han att på avstand.
Om eg går midt i trengsle, held du meg i live. Mot vreiden til fiendane mine retter du ut handa, og di høgre hand frelser meg.
Herren skal fullføra sitt verk for meg. Herre, din miskunn varer evig. Gjev ikkje opp det hendene dine har skapt.