SalmeneKapittel 126

Ein song for oppgangen. Då Herren vende lagnaden til Sion, var det som ein draum for oss.
Då vart munnen vår fylt med latter og tunga vår med jubel. Då sa dei mellom folka: «Store ting har Herren gjort for dei!»
Ja, store ting har Herren gjort for oss, og vi er glade!
Herre, vend lagnaden vår, slik som bekker i Negev!
Dei som sår med tårer, skal hausta med jubel.
Den som gråtande går ut og ber såkornet, skal koma heim att med jubel og bera kornbanda sine.