SalmeneKapittel 25

Av David. Til deg, Herre, løftar eg mi sjel.
Min Gud, eg set mi lit til deg. Lat meg ikkje bli til skamme, lat ikkje fiendane mine triumfera over meg.
Nei, ingen som ventar på deg, skal bli til skamme. Til skamme blir dei som svik utan grunn.
Herre, lat meg kjenna dine vegar, lær meg dine stigar.
Lei meg i di sanning og lær meg, for du er min frelsar Gud. På deg ventar eg heile dagen.
Kom i hug di miskunn, Herre, og din nåde, for dei har vore frå evig tid.
Kom ikkje i hug syndene frå min ungdom og mine brot. Kom meg i hug etter din nåde, for di godheit skuld, Herre.
Herren er god og rettvis, difor viser han syndarar vegen.
Han leier dei audmjuke på rettferds veg og lærer dei tolsame sin veg.
Alle Herrens vegar er nåde og truskap for dei som held hans pakt og hans vitnemål.
For ditt namn skuld, Herre, tilgjev mi skuld, for ho er stor.
Kven er den mannen som fryktar Herren? Herren lærer han den vegen han skal velja.
Hans sjel skal bu i det gode, og hans ætt skal arva landet.
Herrens fortrulege råd er for dei som fryktar han, og hans pakt gjer han kjend for dei.
Mine auge er alltid vende mot Herren, for han frir føtene mine ut or garnet.
Vend deg til meg og ver meg nådig, for eg er einsam og hjelpelaus.
Angsten i hjartet mitt har vorte stor. Før meg ut or mine naudstunder.
Sjå mi naud og min møde, og tilgjev alle mine synder.
Sjå kor mange fiendar eg har, dei hatar meg med eit valdsamt hat.
Vern mi sjel og berg meg. Lat meg ikkje bli til skamme, for eg søkjer tilflukt hos deg.
Lat uskuld og rettferd verna meg, for eg ventar på deg.
Gud, frels Israel ut or alle hans trengsler!