SalmeneKapittel 56

Til korleiaren. Etter «Den stumme dua mellom fjerne». Ein miktam av David, då filistrane greip han i Gat.
Ver meg nådig, Gud, for menneske vil sluka meg. Heile dagen trengjer fienden seg på meg.
Fiendane mine vil sluka meg heile dagen, for mange kjempar mot meg i hovmod.
Den dagen eg er redd, set eg mi lit til deg.
I Gud prisar eg ordet hans. I Gud har eg sett mi lit, eg er ikkje redd. Kva kan eit menneske gjera meg?
Heile dagen forvrengjer dei orda mine, alle tankane deira mot meg er vonde.
Dei samlar seg, dei løyner seg, dei vaktar stega mine medan dei lurar på livet mitt.
Skal dei sleppa unna trass i si vondskap? Gud, støyt folka ned i vreide!
Du har talt mine landflyktige dagar. Samla tårene mine i flaska di! Står dei ikkje i boka di?
Den dagen eg ropar, skal fiendane mine vika tilbake. Dette veit eg: Gud er med meg.
I Gud prisar eg ordet hans. I Herren prisar eg ordet hans.
I Gud har eg sett mi lit, eg er ikkje redd. Kva kan eit menneske gjera meg?
Eg ber på lovnadene mine til deg, Gud. Eg vil gje deg takkoffer.
For du har fria sjela mi frå døden, ja, føtene mine frå fall, så eg kan vandra for Guds andlet i livsens ljos.