SalmeneKapittel 33

Jubla for HERREN, de rettferdige, lovsong sømer seg for dei oppriktige.
Takka HERREN med harpe, spel for han på tistrengslyre.
Syng ein ny song for han, spel meisterleg med fagnadrop.
For HERRENs ord er rett, og alt han gjer, er trufast.
Han elskar rettferd og rett, jorda er full av HERRENS nåde.
Ved HERRENs ord vart himmelen skapt, og ved pusten frå hans munn heile himmelens hær.
Han samlar havsvatnet som i ein dam, han legg djupa i lagerhus.
Heile jorda skal frykta HERREN, alle som bur i verda, skal skjelva for han.
For han tala, og det vart til. Han baud, og det stod der.
HERREN gjer råda til folkeslaga til inkjes, han hindrar tankane til folka.
HERRENS plan står fast til evig tid, tankane i hans hjarte frå slekt til slekt.
Sælt er det folket som har HERREN til Gud, det folket han har valt ut til sin eigedom.
Frå himmelen ser HERREN ned, han ser alle menneske.
Frå sin bustad skoda han ned på alle som bur på jorda.
Han som har forma hjarta deira alle, han som skjønar alle gjerningane deira.
Ein konge vert ikkje frelst ved ein stor hær, ein krigar vert ikkje berga ved stor kraft.
Hesten er eit falskt håp om siger, trass i all si kraft kan han ikkje berga.
Sjå, HERRENS auge er over dei som ottast han, over dei som ventar på hans nåde.
for å fria sjela deira frå døden og halda dei i live i hungertid.
Vår sjel ventar på HERREN, han er vår hjelp og vårt skjold.
For i han gled hjarta vårt seg, for vi set vår lit til hans heilage namn.
Lat din nåde vera over oss, HERRE, slik vi set vår von til deg.