SalmeneKapittel 124

Ein song til festreisene. Av David. Hadde ikkje HERREN vore på vår side – lat no Israel seia –
hadde ikkje HERREN vore på vår side då menneske reiste seg mot oss,
då hadde dei slukt oss levande, då vreiden deira brann mot oss.
Då hadde vatnet fløymt over oss, straumen hadde gått over sjela vår.
Då hadde dei ville vatna gått over sjela vår.
Lova vere HERREN, som ikkje gav oss til rov for tennene deira!
Sjela vår slapp unna som ein fugl frå snara til fangstmennene. Snara brast, og vi slapp fri.
Vår hjelp er i HERRENS namn, han som skapte himmelen og jorda.